Vil helst ha bondesoener
HUD OG SJEL: - Du går inn i dette med hud og sjel, seier Torodd Helle (62), som tok over som dagleg leiar i Helle Fabrikker i 2006. Den tidlegare toppspelaren på Sogndal fotball legg ikkje skjul på at det har vore tungt i periodar - også personleg. 
Nytt

Vil helst ha bondesøner

Torodd Helle jaktar på bondesøner når han skal fornye staben på fabrikken. 

Ivar Myklebust Longvastøl
24.05.2014
- Far min sa at Helle Fabrikker hadde ikkje overlevd utan at vi hadde hatt bønder i arbeid, fortel Helle.
Sidan 2006 har Torodd leia den tradisjonsrike knivfabrikken i Holmedal i Sunnfjord, som faren Sigmund og onkelen Steinar starta i 1932.
På 1990-talet hadde fabrikken over 100 tilsette og avdeling i nabobygda Stongfjorden. No er dei berre 15, men omsetning og optimisme er så smått på veg tilbake etter nokre svært tunge år.

Må fornye staben

Helle lagar framleis knivar med eit sterkt handverkspreg. Det er ikkje uvanleg at gjester føler at dei kjem inn i eit levande museum når dei stig inn i fabrikken på kaia i Holmedal. Helle har lojale medarbeidarar med lang fartstid - og med stø kurs for pensjonsalderen.
- Vi har to hovudmål. Auka volum og omsetnad, og rekruttering, seier Helle til NETT NO.
Han handplukkar sine folk, og han veit kva han ser etter.
- Kall det gjerne bondesøner, av type. Folk som er vane med praktisk arbeid og er sjølvstendige, som står opp om morgonen, møter opp og er til å stole på. Det er ikkje nok å komme med gode papir her, oppsummer Helle, sjølv utdanna siviløkonom frå Bergen.
Torodd er den fjerde leiaren i fabrikkens 82 år lange historie, to av dei føregåande var onkelen og søskenbarnet. Den tidlegare toppspelaren på Sogndal vedgår at han kjenner på pliktkjensla.
- Du går inn i dette med hud og sjel.

Trenden snur

Han har nyleg tilsett to medarbeidarar, ein i 30-åra og ein i 20-åra, og då snakkar ein verkeleg om ungdommar i Helle-målestokk.
- Dei lovar veldig godt. Vi er på jakt etter to-tre til, fortel han.
Helle meiner at trenden er i ferd med å snu og at godt handverk gir høgare status også blant unge. Han seier at alle på fabrikken er stolte av produkta sine som dei eksporterer over store delar av verda.

Frå vikingtida

- Rå muskelkraft tilhøyrer vikingtida, no må vi vere på hogget med ny teknologi og effektive i alt vi gjer, seier Karl Inge Rekdal, i ein kommentar til Torodd Helles rekrutteringsfilosofi. Rekdal er nyvald styreleiar i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) i Møre og Romsdal og administrerande direktør i Sykkylven Stål as, som har vore gjennom ei knalltøff omstilling etter at møbelindustrien svikta. I dag er maritim sektor med Rolls-Royce Marine i spissen, største kunde.

Kommersiell forsking

- Eg har jobba 37 år i landbrukssamvirke og veit kva bonden står for. Dei er sjølvstendig næringsdrivande, og eg har sjølv bønder i staben. Vi er nøydde til å ha praktikarar, men med eit utgangspunkt som er 60-70 prosent dårlegare enn dei vi konkurrerer med, på grunn av lønskostnadene her i landet, må vi få opp produktiviteten, og då er ny teknologi vegen å gå, seier Rekdal.
- Lagar du knivar, som er eit handarbeid, så forstår eg det, men vi andre må også ha kompetanse som gjer handarbeid overflødig. Dialog mellom høgskulane, universiteta og næringslivet er avgjerande, slik at vi kan samarbeide om kommersiell forsking. Vi treng både akademisk og praktisk kompetanse, seier Rekdal.

Har tru på ungdommen

- Torodd Helle understrekar at han vil ha folk som står opp om morgonen, stiller opp og er til å stole på?
- Det tek eg som ein sjølvfølge. I ei bedrift er vi alle på same lag. Vi er avhengige av kvarandre, frå topp til botn, seier Rekdal.
Han understrekar at næringslivet må verte flinkare til å vise fram mangfaldet og mulegheitene som finst.
- Mange gjer det, men vi har meir å gå på. Mi erfaring er at det er utruleg mykje bra ungdom, og det er viktig at vi frå næringslivet stiller opp.
- Vi treng også tilførsel av kompetanse internasjonalt for å styrke verdiskaping og konkurransekraft, seier NHO-styreleiaren.
Det er ikkje nok å komme med gode papir her

Publisert: 24.05.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33