Vil lage moeteplass for 3 D printing
TRENG MEIR KUNNSKAP: Dagleg leiar Arne Tande i Robotek fortel at det er stort behov for folk med solid kunnskap for å ta bedrifter i regionen vidare på robotisert produksjon og 3D-printing.
Nytt

Vil lage møteplass for 3D-printing

Kring halvparten av bedriftene Robotek besøker, trur dei har automatisert produksjonen om få år. Men regionen heng etter på 3D-printing og har stort behov for folk med kunnskap. 

Marius Rosbach
02.12.2019
Bruk av robotar og meir automatisert produksjon blir meir vanleg i ein lang rekke bedrifter. Under i Brattvåg førre veke tok dagleg leiar Arne Tande i Robotek for seg utviklinga i næringslivet regionalt.
– Vi ser at kring halvparten av bedriftene vi besøker, seier dei vil ha robotar i sin produksjon innan fem år. Denne utviklinga er ikkje råd å stoppe, fortel Tande.

Vil ha møteplass

I 3D-printing er det også full fart i utviklinga, men Norge og regionen ligg langt etter i utviklinga. Difor har Robotek teke initiativ til ein møteplass for dei som ønskjer å få meir kunnskap på område.
– Vi har trur på at ein slik møteplass kan løfte regionen, seier Tande.
På 3D-printing trengst det større kompetanse for å avgjere kva for metode som passar for ulike produkt.
– Men simulering og programmering blir stadig enklare og no går 3D-printing frå bil- og flyproduksjon til andre bransjar, som til dømes oljeindustrien, fortel Tande.
Med store aktørar som Siemens og andre på veg inn, vil desse produksjonsmetodane skyte fart, trur Tande. Han peiker på europeiske land som Tyskland, Nederland, England, Spania og Italia som langt framme i utviklinga. Også i delar av Asia skjer ting i eit rasande tempo.

Manglar folk med kunnskap

Ny produksjonsteknologi vil krevje raskare omlegging og Tande trur produkt i framtida vil ha kortare levetid enn før. Det vil også tvinge fram endringar i forretningsmodellen til mange selskap.
– Å vite kva for teknologi ein bør nytte til sitt produkt blir veldig viktig. Det å finne fleksible robotløysingar der ein ikkje binder seg til konkrete produkt, kan vere ei løysing for mange, trur Tande.
Han påpeiker at Nordvestlandet har stor tettheit av CNC-maskinar (forkorting for computer numerical controlled, journ. anm.) og difor burde ha gode føresetnader for å ta steget vidare. Men når det kjem til folk med kompetanse – særleg om 3D-printing, er det ei stor mangelvare.
– Eg håpar også at fleire unge vil gå gaming til robotisering. Det er ikkje gjort over natta, men vi ser at det finst moglegheiter, seier han og viste til presentasjonen frå dei unge .

NTNU-studentar laga racerbil på eitt år:


Også lønnsemd med mindre seriar

Ekornes-konsernet har vore ein føregangsbedrift med å ta i bruk robotar i sin møbelproduksjon, og Tande trur det vil bli vanleg med robotar også i langt mindre bedrifter dei neste åra.
Ein av drivarane ved den utviklinga er at den ikkje lenger er naudsynt med store seriar for å få økonomi i automatisert produksjon.
Slik er det ikkje lenger, seier Tande og fortel at teknologien har gjort at det også er lønnsemd i mindre seriar. Oppgåva med å programmere roboten er blitt sopass enkelt at dei fleste bedrifter kan gjere det sjølv.
Han påpeiker at det kan vere smart av bedriftene å tenke nytt om design samtidig, for å få full effekt av ein omlegging.
– Det er ofte naudsynt å redesigne i staden for å lage det same som ein allereie har, seier Tande.

Les også:




Det å finne fleksible robotløysingar der ein ikkje binder seg til konkrete produkt, kan vere ei løysing for mange

Publisert: 02.12.2019 12:51

Sist oppdatert: 16.03.2021 20:09

Mer om