Vil legge fabrikk på is
Planane til 3D Welding om å hente heim sveiseproduksjon, blir ikkje realisert no.
Den opphavlege planen var å starte ein høgt automatisert fabrikk for takkonstruksjonar neste år. 3D Welding skulle bli den første fabrikken som skulle etablere seg på Ørsta kommune sitt nye industriområde eit par kilometer aust for sentrum.
- Vi prøver å legge prosjektet på is inntil vidare, seier primus motor og medeigar Rolf Hjelle i 3D Welding no til NETT NO.
Då planane vart gjort offentleg kjende i november i fjor var anslaget at heile anlegget, både bygg, maskiner og utstyr, ville koste omlag 100 millionar kroner.
Eit eige selskap skulle bygge og leige ut bygget til 3D Welding, men dei opphavlege kostnadkalkylane viste seg å vere for optimistiske.
3D Welding starta å sjå seg om etter alternative lokale på Sunnmøre, og bad samstundes Ørsta kommune vurdere om kommunen kunne bidra til å reise fabrikkbygget i Ørsta.
Adminstrasjonen i kommunen skulle legge fram ei tilråding om kommunen skulle engasjere seg i fabrikketableringa på kommunestyret torsdag 15. desember, men etter samtalar mellom Hjelle og kommunen er det ikkje lagt fram noko sak.
Vil ha utsetjing
I tillegg til at sjølve fabrikkbygget har blitt dyrare har det meste gått feil veg for 3D Welding sidan i fjor haust: Råvarene til produksjonen har blitt dyrare, valutakursutvikling har vore negativ, rentene er på veg opp og maskiner og utstyr er blitt dyrare. Berre det siste aukar kostnadane med 15 millionar kroner, ifølgje Hjelle.
No arbeider selskapet for å få utsett fristen frå Innovasjon Norge for når det må vere i gang.
3D Welding har fått 9,5 millionar kroner i tilskot frå Innovasjon Norge, men vilkåret for tilskotet er at fabrikken er i gang sommaren 2023.
Les også
Publisert: 13.12.2022 05:00
Sist oppdatert: 13.12.2022 07:52