Under Nor-Fishing-messa i Trondheim denne veka har CO2-avgifta for fiskeflåten vore tema i fleire debattar. Bakgrunnen er mellom anna inntektstapet for deler av fiskeflåten, på grunn av kutt i torskekvotene.
Neste år blir det tredje store kuttet i torskekvoten på tre år.
– Ver forsiktig med kostnadsdrivande tiltak, var rådet frå administrerande direktør Svein Ove Haugland i Norges Råfisklag i ein av debattane om konskekvensen av kvotekutta.
CO2-avgifta på diesel var det første han peikte på då Nett No bad han om døme på kva tiltak han meinte styresmaktene bør vere forsiktig med. Den skal etter planen auke år for år fram til 2030.
Kjenner problemstillinga
Nett No bad fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss om ein kommentar.
Sivertsen Næss seier CO2-avgifta er meint å føre til omstilling, bort frå fossilt drivstoff og over på null- eller lavutsleppsløysingar Problemet er at avgifta ikkje treff fiskeflåten på ein god nok måte, ifølgje fiskeriministeren:
– Vi har ikkje teknologien tilgjengleg. Det er ikke like enkelt for den næringa å gjere dei grepa som trengs for å omstille seg. Det er ei sak eg kjenner godt. Det er blant anna difor vi har CO2-kompensasjonsordninga også, fordi det her er ei kjent problemstilling. Eg kjem til å jobbe for å sikre at denne næringa skal vere lønsam framover, og det er kanskje viktigare enn nokon gang med den kvotenedgangen vi står overfor. Så eg forstår det som blir sagt.
– Vil de revurdere den planlagte auken fram mot 2030, i CO2-avgifta?
– Eg kan som sagt ikkje forskottere noko framtidige regjeringsbehandling og konklusjonar, men frå min ståstad har eg i alle fall forstått bodskapen og kjem til å jobbe for å ta vare på lønsemda i denne næringa.
Omgår CO2-avgifta
Frå fiskebåtreiarane er det mellom anna argumentert med at den særnorske CO2-avgifta vil føre til at fiskebåtane går til utanlandske hamner for å fylle drivstoff, eller fyller i internasjonalt farvatn.
Då slepp dei avgifta, men det aukar drivstoff-forbruket.
CO2-avgifta gjer det også mindre lønsamt å fiske etter andre artar enn torsk, fordi fangstmengda i høve til drivstoff-forbruket er mindre.
«CO2-avgifta er ikkje grøn omstilling, men ei oppskrift på nedbygging av norsk fiskerinæring og som vil føre til at meir fisk blir landa i utlandet i staden for i Noreg», skreiv administerande direktør Audun Maråk i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt i ei innlegg i Nett No i mars i år.
God tid
I klimameldinga som regjeringa Solberg la fram i 2021, varsla den gradvis auke i avgifta på utslepp av CO2 fram til 2030. Avgifta skulle bli nesten fire gangar høgare, som vil bety omlag ei dobling av drivstoffkostnadane for fiskeflåten frå 2021-nivået.
Dåverande klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn (V) meinte fiskarane hadde god tid.
– Det er ikkje veldig mange rammevilkår for ulike næringar som vi gir signal om ti år fram i tid. Eg kjem faktisk ikkje på eit einasta eitt, så det er i utgangspunktet ein god tidshorisont, sa Rotevatn til Nett No.
Publisert: 21.08.2024 10:06
Sist oppdatert: 02.10.2024 12:30