(NPK-NTB-Frida A. Hagen): Nordlysturismen tiltrekkjer seg fleire reisande og aukar i verdi, men overfylte destinasjonar og berekraftsutfordringar blir også eit aukande problem.
Det viser tal frå Innovasjon Noregs ferske Nordlysrapport for vinteren 2025.
– Interessa for å oppleve nordlyset danse over himmelen trekkjer reisande frå heile verda til Noreg. Nordlysturismen veks både i volum og verdi, med fleire reisande og ein tydeleg vekst blant dei mest betalingsvillige, seier Aase Marthe J. Horrigmo, direktør for reiseliv i Innovasjon Noreg.
Éin av tre på pakketur
I snitt bruker nordlysturistane rundt 2780 kroner per person i løpet av eit døgn.
Dei fleste overnattar på hotell eller reiser med Hurtigruten eller Havila, og omtrent ein tredel kjøper heile eller delar av reisa som pakketur.
– Nordlysturismen skaper store ringverknader i heile Nord-Noreg. Når fleire reiser saman, vel organiserte opplevingar og legg igjen pengar i lokale restaurantar og butikkar, styrkjer det grunnlaget for heilårsturismen og lokale arbeidsplassar i landsdelen, seier Horrigmo.
Overfylte reisemål
Nordlysturistane er elles blant dei mest fornøgde med reisa si i Noreg, viser undersøkinga. Heile ni av ti tilrår ferien i Noreg til andre.
Fleire av nordlysturistane melder likevel om overfylte destinasjonar. Éin av fire opplyser at eitt eller fleire av stadene dei besøkte kjendest overfylte fordi det var for mange turistar der.
Spesielt i Tromsø og i Lofoten var dette eit problem. 30 prosent av turistane som besøkte desse områda opplevde reisemåla som overfylte.
NHOs destinasjonsanalyse for Troms konkluderer med at auka turisme i Tromsø skaper press på natur og lokalsamfunn.
Berekraftsproblem
– Nordlysturismen er ei fantastisk suksesshistorie, men vi må forvalte henne klokt. For at veksten skal vere berekraftig, må vi bidra til at opplevingane og verdiskapinga blir fordelt breiare – både geografisk og gjennom sesongforlenging, seier Horrigmo.
Det er også blant tiltaka NHO foreslår i destinasjonsanalysen sin.
Derfor har Innovasjon Noreg utvikla nye nordlyssider på VisitNorway.com. Der kan reisande søkje opp stader over heile landet og få oppdaterte nordlysvarsel.
– Det gjer det enklare for reisande å planleggje, og kan også bidra til å spreie nordlysturistane, seier Horrigmo.
(©NPK)
Publisert: 24.10.2025 10:05
Sist oppdatert: 24.10.2025 10:05






