Trips of Norway Lene Aakre Nilsen Tore Aakre foto Marius
GOD VEKST: Lene Aakre Nilsen og Tore Aakre er den sentrale duoen i familiebedrifta Trips of Norway. Dei opplever vekst i marknaden for dei best betalande turistane. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nordlysturisme gir vekst i nord

Lengre turistsesong i nordvest og utviding i Nord-Norge gjer at Valderøy-bedrifta ser lyst på framtida.

Marius Rosbach
16.11.2024

Auke for reiselivet i Nord-Norge og lengre turistsesong på Nordvestlandet gjer at pilane peiker oppover for familiebedrifta Trips of Norway. 

Selskapet som har spesialisert seg på eksklusive bilar og sjåførtenester, har base på Valderøystranda – men i vinter flyttar dei store delar av bilparken nordover. 

– No er det full køyr med bilutleige der oppe i nord, fortel Lene Aakre Nilsen til Nett No. 

Seinare i sesongen har dei også planar om å flytte ein del av dei eksklusive vip-bilane til Nord-Norge. 

Det er spesielt tilstrøyminga nordlysturistar i nord som førte til at Trips of Norway fekk spørsmål frå agentar om å flytte flåten nordover i vintersesongen.

No har dei floge opp ein rekke av sine sjåførar frå Vigra til Bodø for oppdrag der. 

–  Sunnmøre er våre nisjemarknad, men vi klarer å fange opp gjestane tidlegare enn før. No møter vi dei gjerne i Bergen og følgjer dei gjennom større delar av opphaldet, fortel Lene Aakre Nilsen. 

Filmstreik opna dør til ny marknad
Saman med faren Tore Aakre utgjer Lene leiarduoen i selskapet som også involverer fleire i familien. 

Medan det tidlegare «alltid» stod Bislett Bilutleie på bilane som store filmproduksjonar køyrde rundt i landet, har Trips of Norway vorte spesialistar til å handtere slike oppdrag. 

Men 2023 gav streik i den amerikanske filmbransjen utsette og kansellerte oppdrag. Då opne dørene seg til ein ny marknad: Godt betalande turistar på ferie. 

Det har vist seg å vere eit godt val – og gjer at omsetninga har passert fjoråret med god margin, og nærmar seg toppåret 2022. 

– Vi har køyrt inn millioninntekter på «high-end»-turistar i løpet av det siste året, seier Lene.

Trips of Norway Kristiansand 1
VEKST I LUKSUSSEGMENTET: Godt betalande turistar vil gjerne ha komfortable bilar tilgjengeleg på kaia når dei kjem på besøk. Her er Trips of Norway på oppdrag i Kristiansand. Foto: Trips of Norway

Vurderer å utvide til sjøs
I dag gir familiebedrifta fulltidsjobb til kring ti personar. I tillegg kjem sjåførane som har ulik tilknyting til firmaet. Aakre-familien driv også verkstadselskapet Brabil og Hatlane Autoservice. 

Som ei utviding av tilbodet for dei best betalande kundane, ser Trips of Norway  mellom anna på moglegheitene for å utvide verksemda til sjøs. 

– Vi får ein del førespurnader om å ha ein hurtiggåande båt i kombinasjon med bilar på land, fortel Tore Aakre. 

Han påpeiker at det er kapitalkrevjande verksemd å ha ein stor flåte med bilar - der mange tilhøyrar luksussegmentet. 

Ei auke på ein tusenlapp i rentekostnader per bil, utgjer betydelege summar berre på dei kring 140 bilane firmaet har i utleigedelen av verksemda. 

Trips of norway tore aakre lene aakre nilsen 33
FILMOPPDRAG: Her er Lene Aakre Nilsen og Tore Aakre på oppdrag under innspelinga av «Mission Impossible» på Hellesylt. Då hadde Trips of Norway kring 100 sjåførar i sving. Foto: Marius Rosbach

Skapar ringverknader for andre
Far og dotter fortel at noko av det mest vanskelege, er å vurdere kor mykje dei vil satse. Sesongvariasjonane har vore store til no.

– På sommarsesongen kunne vi sikkert tidobla delar av verksemda, men då hadde vi sete i saksa i lågsesongen, seier Lene. 

Trips of Norway er også sjølv brukar av mange andre sine tenester og kjøper inn frå andre firma. Samtidig kan tilfeldigheiter og gode nettverk gi uventa ringverknader.

Dei fortel korleis eit ønske frå ein person i eit om å hoppe frå Hoven i paraglidar, først gjorde at heile filmcrewet ville hoppe – og deretter kom ein ide på bordet om å tilby ein slik aktivitet til cruiseturistar. 

– Av og til opnar våre oppdrag nokre dører som gir store ringverknader for andre aktørar, seier Tore. 

Har vore gjennom berg- og dalbane
Sjølv om framtida ser lys ut i dag, har selskapet vore gjennom ei berg- og dalbane få vil misunne dei. Først kom koronapandemien som stoppa opp både reiselivet og filmbransjen. 

Deretter førte streik i Hollywood til at filmsegmentet fekk ein ny knekk. 

Tidlegare har dei jobba med ein rekke store filmproduksjonane, som Mission Impossible, James Bond og Black Widow. Dei fortel at filmoppdraga gjerne kjem på skuldersesongane, før eller etter at turistbesøket er på topp. 

Veret er ei stadig utfordring med å filme på Nordvestlandet. Det er også årsaka til at intervjuavtalen måtte utsettast ein dag.

Handplukka sjåførar for stjernene
Duoen legg ikkje skjul på at dei får spørsmål om «kva kjendisar dei har køyrt» og korleis det er å handtere slike stjerner. Når det kjem til å køyre rundt med Hollywood-stjerner som Tom Cruise i bilen, er det naturleg nok litt ekstra viktig å ha ein solid person bak rattet. 

– Det er profesjonelle og dyktige sjåførar, og vi har alt frå pensjonerte politifolk til tidlegare banksjefar i staben. Det er ein tryggheit for kunden av at vi har dedikerte handplukka folk til å gjere jobben, seier Lene. 

Mellom dei meir kuriøse oppdraga dei har utført, er ei bestilling på kylling-nuggets frå McDonalds som inkluderte helikopter og ein fem timer lang køyretur til Stad. 

– Så har du dei som har vore i bransjen lengst, som gjerne er kjempehyggelege og heilt «nedpå», seier Lene. 

– Men vi har ikkje ein einaste selfie med nokre vi har teke oss av. Dei er berre folk, og vi er der på jobb, legg ho til.

Publisert: 16.11.2024 05:00

Sist oppdatert: 15.11.2024 17:02

Mer om