Vil starte investor opplaering i A Alesund
VEKST: Interessa for å etablere nye selskap og for å invester i dei har tatt av etter oljeprisfallet i 2014, seier Camilla Andersson (til venstre) i Norsk Crowdfunding foreing. No ser Maja Adriaensen i Startup Angel Challenge etter partnarar for å etablere investoropplæring i Ålesund.
Nytt

Vil starte investor-opplæring i Ålesund

Etter å ha lært opp 400 små og større investorar i Oslo, Trondheim, Bodø, Bergen og Stavanger, vil Startup Angel Challenge også til Ålesund.

07.12.2018
Startup Angel Challenge er eit program for opplæring i å vere investor i heilt nye, og små selskap med vekstplanar.
Bak programmet står det private selskapet Startup Norway, som så langt har hatt rundt 400 deltakarar i programmet, fordelt på 19 arrangement i Bodø og dei største norske byane.
- Vi har veldig lyst til å kome til Ålesund neste år, seier Maja Adriaensen, dagleg leiar i Startup Norway.
I går, torsdag 6. desember, var ho på Næringsteft-arrangement i Ålesund for å gir råd til gründerar og investorar.

Ekte pengar

Angel Challenge-programma går over to månadar med omlag ei samling i veka, der deltakarane får informasjon og råd om korleis vere investor.
Det skjer mellom anna ved at dei skal øve med eigne pengar. Deltakarana må ta med seg 50.000 kroner inn i prosjektet, og skal plassere pengane i eit selskap dei sjølve vel ut.
Som ein del av programmet blir selskap på jakt etter investorar og pengar invitert til å bli med, og så skal deltakarane plukke ut nokre få av dei som dei vil investere i.

Omslag med oljeprisfallet

Camilla Andersson i Norsk Crowdfunding Forening og crowdfundingselskapet Around, seier interessa for å vere investor og/eller bedriftsgründer har gått rett opp etter oljeprisfallet i 2015.
- I dag vil alle vere startupbedrift og så vil alle vere business angel, seier ho.
(Crowdfunding kan oversettast med folkefinansiering, ein måte å hente kapital frå mange små investorar, til dømes gjennom sosiale media. Business angel er eit uttrykk for investorar som satsar på ny og små vekstbedrifter).

Små aktørar

Både Adriaensen og Andersson rettar seg mot små investorar, for Startup Angel Challenge-programmet er minstebeløpet 50.000 kroner, for Andersson i Norsk Crowdfunding Forening og Around kan beløpet vere enda mindre.
Har du 30.000 til overs, invester det heller i selskap som kan skape nye jobbar, enn i eigen eigedom, er Andersson sitt råd.
I dag vil alle vere startupbedrift og så vil alle vere business angel

Publisert: 07.12.2018 11:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29