Vil ta grunnleggjande grep for aa faa meir gods paa sjoeen
VIL TA ANDRE GREP: Samferdsleminister Jon Georg Dale meiner meir pengar til støtteordningar ikkje er vegen å gå for å få meir godstransport til sjøs. 
Nytt

Vil ta grunnleggjande grep for å få meir gods på sjøen

Samferdsleministeren har forståing for kritikken mot for lite satsing på godstransport til sjøs. Men han trur ikkje på å gi meir pengar til støtteordningar.

Marius Rosbach
08.01.2020
I fleire tiår har det vore brei politisk einigheit om å meir gods bør fraktast sjøvegen framfor på lastebilar langs landevegen. Likevel har utviklinga gått motsett veg – og fleire er kritiske til at det ikkje blir satsa meir på støtteordningar for å oppnå målet.
NETT NO omtala måndag synspunkta til leiinga i Norske Havner, som meiner , til fordel for vegsatsing.

Les også:


Maritimt Forum Nordvest er også mellom dei som vil ha auka innsats på området.
– Gjer som vikingane – sats på sjøtransport, var bodskapen frå dagleg leiar Arnfinn Ingjerd då han ga innspel til samferdsleminister Jon Georg Dale tysdag.

Dale: – Må organiserast annleis

– Det er heilt rett at vi har meint dette i mange år, utan å få det til, erkjente samferdsleministeren under besøket ved Fiskerstrand verft: – Eg har likevel ikkje noko tru på varige subsidiar av gods, la han til.
Samferdsleministaren meiner noko av problemet er at hamner kjempar mot kvarandre om å posisjonere seg.
– Eg meiner dette må organiserast annleis enn i dag. I første rekke må vi få til en godskonsentrasjon som gjer at vi får færre anløp og høgare regularitet. Vi treng færre hamner med meir volum, som gjer at dette kan bli meir lønnsamt og forutsigbart, utdjupar han til NETT NO.

Fekk inn 13 søknadar

Det er no innført ei permanent støtteordning med ein pott i år på 50 millionar kroner. Der kan reiarar søke om midlar for tilbod om frakt av gods på sjøen, som skal erstatte transport på landevegen. 13 søknadar kom inn før fristen i desember og Kystverket reknar med at desse er ferdigbehandla innan starten av mars.

Det har vore delte meiningar om i kva grad støtta har gitt resultatet ein ønskjer. Dale nøyer seg med å stadfesta at dei ikkje har klart å bruke opp pengane i dei tidlegare tildelingsrundane.
– Det er grunnen til at eg seier at vi ikkje vil nytte meir pengar på slike ordningar. Meir pengar vil ikkje løyse problemet, meiner han.
I staden viser han til grep som å endre hamne- og farvannslova, som eit tiltak han trur vil hjelpe.
– Det gir eigarane av hamnene eit alternativ; fram til i dag har kapitalen i hamnene vore låst. No kan til dømes kommunane få utbytte frå hamnedrifta og investere det andre stader

Vil at vareeigarar får søke

Arnfinn Ingjerd i Maritim Forum Nordvest trekte spesielt fram avgrensingane i støtteordninga, som gjer at ikkje vareeigarane kan søke.
- Det blei stoppa av EU fordi det er konkurransevridande. Det er kanskje logisk på eitt vis – men ikkje i høve utsleppsmåla deira. Difor meiner vi at Norge bør utfordre EU på dette område, sa Ingjerd.
Dale sa seg samd i at det var ein god ide, men påpeika at norske styresmakter har diskutert problemstillinga med EU utan å kome nokon veg.
Ekornes er mellom dei lokale bedriftene som har satsa mykje på sjøtransport. Dei fortalde til NETT NO i haust at dei hadde meir kapasitet på kaia, men hadde ikkje lukkast med å få fleire bedrifter med på laget. Som vareeigar har møbelprodusenten likevel ikkje moglegheit til å søke på støtteordninga.

Les også:



Leverte liste med tiltak

Arnfinn Ingjerd frå Maritimt Forum Nordvest overleverte ei liste på til saman ni punkt til samferdsleministeren, som han meinte ville bidra til meir godstransport på kjøl i staden for veg.
I tillegg til nemnte endring om å opne opp for vareeigarane, vil dei ha ei ny vurdering av potensialet for overføring av gods til sjø – som blir innarbeida i rulleringa av Nasjonal Transportplan.
Vidare ber dei om at det blir innført avgifter/gebyr som styrkar nærskipsfarten, ei forenkling av avgiftsregime og å løfte infrastruktur for sjøtransport, slik at det leggast til rette for meir effektive havneopersjonar.
I tillegg ber dei om betre finansieringsordningar for fornying av nærskipsfartsflåten, meir samarbeid med EU for å sikre betre finansiering, opprette ein risikolåneordning via Innovasjon Norge og etablere ei ordning for vrakpant.

Les også:




Gjer som vikingane – sats på sjøtransport

Publisert: 08.01.2020 10:36

Sist oppdatert: 21.04.2021 16:18