Lyskunstfestival Fjord Geiranger innfelt katrin blomvik foto Katrin Blomvik
NYSATSING: Direktør Katrin Blomvik (innfelt) i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv har teke initiativ til lyskunstfestivalen i Geiranger, som dei håpar skal trekkja til seg turistar også om vinteren. Foto: Katrin Blomvik/Privat
Nytt

Vil trekke folk med lyskunst i mørketida

Geiranger går nye vegar for å skape meir aktivitet om vinteren.

NPK
05.03.2021

(NPK-Margunn Sundfjord): Torsdag gjekk den aller første Fjord Geiranger lyskunstfestival av stabelen i turistbygda. På grunn av koronapandemien var festivalen i år berre open for lokalbefolkninga og spesielt inviterte. Men målet er at festivalen kan bli eit fast arrangement kvar vinter og trekkja til seg eit større publikum.

– Dette er noko heilt nytt. Det er første gongen vi brukar lyskunst i verdsarvområdet. Håpet er at det både kan vera med på å skapa optimisme i ei mørketid som for oss er ganske tung og dyster, og som det kan skapast ei verdiskaping rundt, seier direktør Katrin Blomvik i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv til Nynorsk pressekontor.

Fossevandring i ny form
Ho fekk ideen til nysatsinga då ho i fjor fekk auga opp for Fjord Oslo lyskunstfestival.

– Tidlegare har eg også sett litt på europeiske lystkunstfestivalar og synest det er noko veldig fint ved det å bruka lys og lyskunst til å skapa ny aktivitet i mørketida.

No har Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv fått med seg arrangørane av lyskunstfestivalen i Oslo til å utvikla ein ny festival med kunst og lys i Geiranger. Lyskunstfestivalen er knytt nært opp til fossevandringa som frå før er ein stor attraksjon i Geiranger sentrum.

– Der kan folk vandra inn i eit lyskunstlandskap der ulike lyskunstnarar stiller ut verka sine oppover langs fossen. I tillegg er det montert høgtalarar langs stien, der folk kan lytta til eit musikkverk, forklarer Blomvik.

Målet vårt er å halda fleire bedrifter gåande gjennom vinteren, slik at ein kan tilsetja fleire folk på heilårsbasis
Katrin Blomvik

Inspirert av eiga historie
Kunstverket som blei presentert på den aller første lyskunstfestivalen i turistbygda torsdag, hadde tittelen «Spor».

Verket er inspirert av vatn og tolkar og formidlar historia til Geiranger, der det unike landskapet har blitt forma av isbrear og elvar gjennom tusenvis av år, fortel arrangørane i ei pressemelding.

Neste vinter håpar arrangørane at lyskunstfestivalen i Geiranger kan arrangerast i full skala og nå ut til eit større publikum.

– Men først må vi gjennom ei utforsking og sjå korleis både lokalbefolkninga og reiselivsbedriftene tek imot dette, legg Blomvik til.

Kan bli vinterferietilbod
Dersom responsen er god og finansieringa kjem på plass, er planen å marknadsføra lyskunstfestivalen som eit vinterferietilbod for folk både i inn- og utland.

– Geiranger er eit kjent merkenamn ikkje berre i Noreg, men også i Norden og i Europa. Vi ser difor absolutt eit potensial for at vi kan utvikla dette til ein vinterhappening både for nordiske og nordeuropeiske besøkjande, seier Blomvik.

Eit viktig mål er også å gje bedriftene i turistbygda fleire bein å stå på, slik at dei i større grad kan driva heile året.

– I dag er aktiviteten i Geiranger veldig sesongbasert. Målet vårt er å halda fleire bedrifter gåande gjennom vinteren, slik at ein kan tilsetja fleire folk på heilårsbasis.

(©NPK)

Publisert: 05.03.2021 10:02

Sist oppdatert: 05.03.2021 09:58

Mer om