Lagar arbeidsfellesskap på Åndalsnes
Allereie neste år kan Åndalsnes få eit nytt miljø for folk som bur i området, men arbeider for selskap langt unna.
Initiativtakar Rasmus Baldersheim har grunna på ideen om eit slikt arbeidsfellesskap sidan 2017. Han er ingeniør, og arbeider for telekommunikasjonselskapet Telia og ønskjer sjølv eit slikt arbeidsfellesskap.
Målet er å skape eit fellesskap som både tilbyr plass og eit attraktivt miljø både for folk som treng permanent kontor, og for dei som treng kontor- og møteplass meir sporadisk.
Saman med eigarane og drivarane av restaurantselskapet Sødahl-huset på Åndalsnes har Baldersheim og sambuar Anne Marte Hammerø kjøpt eit tre-etasjers bygg i betong i Åndalsnes sentrum, som opphavleg husa ei mølle og som sist vart brukt som butikklokale for ei malarforretning.
Kontor og kafé
No er planen å flytte
restaurantdrifta inn på bakkeplan og ta andre etasje i bruk som kontor
og møtelokale, med plass til 15-20 arbeidsplassar.
Kombinasjonen av kafé og kontor vil både forenkle drifta og gjere tilbodet meir attraktivt, etter Baldersheim si vurdering.
Opningstidspunktet kjem an på når restaurantetasjen blir klar til bruk. Poenget er å få inntekter frå start. I beste fall blir det opning våren 2022, slik at restautantselskapet rekk høgsesongen neste år. Går ikkje det blir opninga utsett til våren 2023.
Les også
Baldersheim seier han ville gått i gang med ideen uansett, men at koronaepidemien - med meir bruk av heimekontor og fjernarbeid - har gjort meir interessert.
- Eg opplevde at folk skjøna meir av det eg snakka om, seier han.
I går var Baldersheim vert for eit møte om nettopp slike arbeidsfellesskap, under Innvoasjonsfestivalen på Åndalsnes.
I Sykkylven er det planlagt å opne eit liknanden arbeidsfelleskap tidleg neste år, i Ålesund opna Pir-bygget tidlegare i år, i Måløy blir det arbeidd for å opne eitt bygg basert på same ideane i 2024 og inititiativtakaren til Måløyssatsinga ser også mot Sunnmøre.
Publisert: 11.11.2021 15:48
Sist oppdatert: 12.11.2021 15:54