Jens Berge Norwegian Hydrogen og Yvonne Wold ordførar Rauma foto Ogne
HÅPAR PÅ HYDROGEN: Rauma-ordførar Yvonne Wold i Rauma håpar Norwegian Hydrogen etablerer produksjon i kommunen. Norwegian Hydrogen-sjef Jens Berge har sikra selskapet opsjonar på aktuelle tomter. I går møttes dei på hydrogenkonferansen under Innvasjonsfestivalen på Åndalsnes. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vurderer hydrogensatsing i Rauma

Ålesund-selskapet Norwegian Hydrogen har sikra seg tilgang til tomter.

12.11.2021

Norwegian Hydrogen i Ålesund skal starte hydrogenproduksjon på Hellesylt frå 2023, men er allereie i gang med å planlegge neste steg.

I Rauma og i Rauma-regionen har selskapet sikra seg opsjon på tomter til produksjon, distribusjon og fylling av hydrogen. Det sa Norwegian Hydrogen-sjef Jens Berge på ein hydrogenkonferanse under Innovasjonsfestivalen på Åndalsnes denne veka.

Når ei avgjerd om å eventuelt etablere seg blir tatt vil Berge ikkje seie, men seier at om selskapet bestemmer seg for å gå i gang er mykje av dei tidkrevjande førebuingane allereie gjort.

Utviklingsstøtte

Norwegian Hydrogen og samarbeidspartnarar var tidlegare i haust eitt av 15 selskap som fekk ein million kroner kvar i offentleg støtte frå Enova, for utrede knutepunkt for hydrogen til skipsfarten. Rauma Energi er ein av partnarane i prosjektet til Norwegian Hydrogen, saman med Tafjord og BKK.

I desember i år vil Enova lyse ut ein ny og open konkurranse der to til fire prosjekt får inntil 150 millionar kroner kvar i investeringsstøtte for å bygge anlegga som skal til. (Open konkurranse betyr også at andre enn dei 15 kan vere med og konkurrere).

Etterlyser offentleg satsing
Hydrogen kan lagast ved elektrolyse der vatn blir spalta i hydrogen og oksygen ved hjelp å køyre elektrisk straum gjennom.

I ei såkalla brenselcelle blir prosessen reversert og frigjort energi lagar ny elektrisitet med vatn som einaste utslepp. Det er denne prosessen Norwegian Hydrogen satsar på, mellom anna for å bruke hydrogen som energiberar for å drive elmotorar på skip og køyretøy. I tillegg vil selskapet selje oksygen til oppdrettsnæringa og bruke spillvarmen til oppvaming gjennom fjernevarmeanlegg.

Når produksjonen kjem i gang kjem også kundane til å kome, sa Berge på hydrogenkonferansen.

Samstundes etterlyste han meir satsing frå styresmaktene si side for å stimulerer til utvikling av ein marknad for hydrogen, og peika på at både utfasinga av diesel på ferja Geiranger-Hellesylt og på godstoglokomotiv på Raumabanen er utsett med fleire år.

Publisert: 12.11.2021 08:00

Sist oppdatert: 12.11.2021 09:20

Mer om