Skjerpa konkurranse om innbyggjarane
Å vere ein attraktiv plass å bo blir viktigare og viktigare for kommunar som vil oppretthalde eller auke folketalet.
For 50 år sidan var det enkelt, med fleire arbeidsplassar blei det
folketalsvekst. No er det lettare å pendle, eller ha arbeidsplassen sin
på heimstaden sjølv om kontoret er langt unna. Det gjer at
attraktiviteten som bustadkommune har blitt relativt viktigare for kvar
folk bur.
Den utviklinga kjem til å bli forsterka framover, meiner Knut Vareide ved Telemarkforsking.
Vareide forskar på kva som gjer nokre kommuner attraktive, medan andre taper terreng. Han delte sine erfaringar og vurderingar på Innovasjonsfestivalen på Åndalsnes, som blir arrangert denne veka.
Festivalen går over tre dagar, samlar i overkant av 300 deltakarar og blir i år arrangert for 7. gang.
Folketalsnedgang
Telemarksforsking sine prognosar
for befolkningsutviklinga i Møre og Romsdal, er at den mest sannsynlege
utviklinga er stagnasjon - eller tilbakegang i folketalet fram til 2040.
I beste fall kan det bli ein liten auke frå dagens 265.000 innbyggjarar, men sjansen for det er berre 10 prosent, anslår Vareide.
Dess dårlegare kommunar og fylke lukkast med å utvikle attraktiviteten til regionen, dess større nedgang i folketalet.
I verste fall kan det blir ein nedgang på 20.000 innbyggare (minus 7,5 prosent) fram til 2040, ifølgje Telemarkforsking. Faren for at «verste-fall-scenarioet» slår til, er like sannsynleg som sjansen for at beste fall-prognosen skal inntreffe, altså 10 prosent.
Vareide sitt svar på kva kommunar og samfunn skal gjere for å bli attraktive er at det ikkje finnes ei slik oppskrift som alle kan bruke.
Du må vere orginal, og tidleg ute.
- Det er dei som tek sjansen og gjer det først som får gevinsten, sa Vareide i innlegget på Innovasjonfestivalen onsdag.
Han åtvarar óg mot å tru at det er fort gjort å bygge omdømme og skape attraktivitet. I beste fall kan resultata målast etter fire-fem år. Det betyr at resultata ikkje kjem i neste kommunestyremøte.
Då er det øydeleggande om det politiske konfliktnivået er slik at tiltaka som er i gang, blir skrota av eit eventuelt nytt politisk fleirtal i kommunen.
Tillit avgjerande
Å ha areal og bygg tilgjengeleg for næringsutvikling er viktig, men ikkje nok.
Det må også til vere tillit og samarbeid på tvers av politiske skiljeliner, mellom næringsliv og kommunestyringa og mellom aktørane i næringslivet.
Å skape attraktivitet er avhengig av at næringslivet er med på laget. For sjølv om kommunen lukkast med å vere attraktiv som bukommune, er det framleis viktig å også ha arbeidsplassar i kommunen, påpeika Vareide.
Ein ekstra fordel er det om ein kommune har det Vareide kallar partiotiske bedrifter" i kommunen. Det er bedrifter som er engasjert i samfunnsutviklinga.
Næringslivet er ein aktør som driv fram tilbod som gjer samfunnet meir attraktiv, slik som til dømes Romsdalsgondolen, sa Vareide.
Publisert: 11.11.2021 05:55
Sist oppdatert: 11.11.2021 00:26