Vil vere ein motstraumsbank
VOLDA: Banksjef Stig Brautaset og styreleiar Harald Indresøvde i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.
Nytt

Vil vere ein motstraumsbank

Dei store bankane satsar stadig meir i og rundt dei store byane. Sparebank 1 Søre Sunnmøre vil vere eit alternativ.

08.08.2016
- Dei store bankane vert stadig meir restriktive til å gjere investeringar i grisgrendte strøk.
- På mange måtar skal vi vere ein motstraumsbank, som står imot sentraliseringsbølgja og som er eit godt tilbod til små og mellomstore bedrifter ute i distrikta.
Det seier Harald Indresøvde, som sju år etter at han gjekk av som banksjef er tilbake som styreleiar i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.
- Eg hadde lyst til å bidra då eg fekk spørsmålet av valkomiteen. Dette er ein svært viktig bank for søre Sunnmøre, i tillegg til ein svært viktig arbeidsplass.

- Rett bakgrunn

Frå 1. august er den nye banksjefen Stig Brautaset også på plass. Indresøvde er strålande nøgd med valet.
- Han har heilt rett utdannings- og erfaringsbakgrunn. I tillegg er han ørsting busett i Ulsteinvik med kone frå Austefjord i Volda. Betre kan det knapt bli.
Etter å ha hatt tre banksjefar på sju år, håper Indresøvde at ein no har på plass ei meir langvarig løysing.

Eigedomstap

Banken har også slite med ein del tap, mellom anna etter å ha engasjert seg innanfor eigedom.
- Ein god lokalbank skal også ha litt tap, men problemet er at det i dag er mindre handlingsrom for dei små bankane. Difor er det no viktig at vi klarer å styrke oss, seier Indresøvde.
Banken eig i dag Grepa-bygget i Ørsta og Ivar Aasen-hotellet i Ørsta, som banken overtok som eineeigar av våren 2014.
Banksjef Stig Brautaset seier at eigedomane er til sals, men ikkje for einkvar pris.
- Når det gjeld hotellet er fokuset å få drifta til å gå i pluss.

Samfunnsdugnad

Styreleiar Indresøvde seier at det er viktig at hotellet held fram som hotell.
- Her har vi gjort ein samfunnsdugnad. Vi sel ikkje til hybelbygg eller til asylmottak, for å seie det slik.
Brautaset ser store mulegheiter for lokalbanken.
- Vi skal verte endå meir aktive både innanfor personmarknaden og overfor små og mellomstore bedrifter.

Ulstein og Herøy

Spesielt har han tru på vekst i Ulstein og Herøy, der ein har avdelingskontor.
- I Ørsta og Volda har vi i dag mellom 50 og 70 prosent av personmarknaden, noko som er veldig bra.
- I Ulstein og Herøy ligg vi på rundt 10-15 prosent, og vi meiner potensialet for vekst her er stort.

Les her:


Brautaset er utdanna siviliøkonom og har lang bankerfaring, først frå DnB i Oslo, seinare frå Sparebanken Møre og Fokus Bank/Danske Bank.

Truleg færre tilsette

I dag har banken 65 årsverk. Brautaset seier at det truleg ikkje vert fleire.
- Det vert nok færre, men det er ikkje tale om oppseiingar, men andre måtar å jobbe på.
Han legg stor vekt på rådgjeving av privatpersonar og ikkje minst bedrifter.
- Her skal vi vere gode.

- Ikkje ein offshorebank

Banken har ein forvaltningskapital på rundt 10 milliardar kroner. Rundt 400 millionar kroner er lånt ut til offshoreselskap, der mange no slit.
- Vi skal ikkje vere ein offshorebank, men det er umuleg å vere ein bankaktør på søre Sunnmøre utan å vere litt innom offshore.
- Men no er det viktig at vi klarer å reindyrke profilen, seier Brautaset.
Sparebank 1 Søre Sunnmøre er ein del av , som består av 16 norske bankar.
Ein god lokalbank skal også ha litt tap, men problemet er at det i dag er mindre handlingsrom for dei små bankane

Publisert: 08.08.2016 14:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59