Nytt
Ville ha Salmon Evolution-aksjar for 3,2 milliardar
-Ein av dei mest overteikna emisjonane som har vore på lenge, seier styreleiar Tore Tønseth om interessa for å investere i det landbaserte oppdrettselskapet.
04.09.2020
Salmon Evolution skulle hente 500 millionar kroner i ny eigenkapital og sette kursen til fem kroner per aksje.
Investorar hadde fått frist til i dag klokka 12 med å teikne seg, men interessa var så stor at kapitalutvida vart avslutta i gå og formalitetane arbeidd med gjennom natta.
Den store interessa for å vere med betyr at mange av dei interesserte investorane ikkje får bli med. Langsiktige større og mindre fond og eksisterande eigarar før emisjonen blir prioritert når aksjane skal fordelast, i følgje Tønseth. Eksisterande eigarar hadde garantert å gå inn med inntil 91 millionar kroner og får no gå inn med omlag 80 millionar.
I tillegg hadde DNB Asset Management (110 millionar kroner), Klaveness Marine Finance (30 millionar kroner) og selskap kontrollert av Fredrik Cappelen, Carl Erik Krefting og Preben Rasch-Olsen (30 millionar kroner) fått teikna seg for 170 av dei 500 millionane som skulle hentast inn - før emoisjonen vart opna for andre investorar.
Før kapitalutvidinga var eigarskapen fordelt på 120 millionar aksjar. No er den fordelt på 220 millionar aksjar, som betyr at eigarane før emisjonen framleis eig over halvparten av aksjane. Roger Halsebakk sitt investeringsselskap Ronja Capital, som gjekk inn på eigarsida tidlegare i år eig omlag 11 prosent etter emisjonen, i følgje Tønseth. Tønseth er investeringsdirektør i Ronja Capital og styreleiar i Salmon Evolution.
Når dei 500 millionane som selskapet har henta inn no er på konto skal dei brukast til å finansiere første byggetrinn av det landbaserte oppdrettsanlegget i eit nedlagt steinbrot ved sjøkanten i Fræna.
Planen er å hente inn ytterlegare 450 millionar kroner i ei ny kapitalutviding neste år. Også den skal finansiere første byggetrinn, som er berekna til å koste 1,3 milliardar kroner. Målet er å slakte første fisk frå anlegget i slutten av 2022.
Når kapitalutvidinga neste år er gjennomført er planen å hente inn ytterlegare 750 millionar kroner, seier Tønseth. Det skal vere med på å finansiere bygginga av resten av anlegget, som skal kunne produsere heilt ferdig vil det produsere nesten 31 tusen tonn sløyd laks i året.
Då tidlegare dagleg leiar Odd Tore Finnøy presenterte planane til Salmon Evolution i Shippingklubben i Ålesund tidlegare i år sa han at selskapet kan bygget enda meir i Fræna og minst doble produksjonen frå 31 tusen tonn. Og det skal ikkje stoppe der. Det er fleire stadar langs kysten som egnar seg for landbaserte oppdrettsanlegg, i følgje Finnøy.
Målet er å kome opp i 100 tusen tonn sløyd laks i året, sa han. Det utgjer nesten åtte prosent av den norske oppdrettsproduksjonen av laks og aure.
Investorar hadde fått frist til i dag klokka 12 med å teikne seg, men interessa var så stor at kapitalutvida vart avslutta i gå og formalitetane arbeidd med gjennom natta.
3,2 milliardar
Om alle som ville investere fekk vere med kunne Salmon Evolution henta 3,2 milliardar kroner, i følgje Tønseth.Den store interessa for å vere med betyr at mange av dei interesserte investorane ikkje får bli med. Langsiktige større og mindre fond og eksisterande eigarar før emisjonen blir prioritert når aksjane skal fordelast, i følgje Tønseth. Eksisterande eigarar hadde garantert å gå inn med inntil 91 millionar kroner og får no gå inn med omlag 80 millionar.
I tillegg hadde DNB Asset Management (110 millionar kroner), Klaveness Marine Finance (30 millionar kroner) og selskap kontrollert av Fredrik Cappelen, Carl Erik Krefting og Preben Rasch-Olsen (30 millionar kroner) fått teikna seg for 170 av dei 500 millionane som skulle hentast inn - før emoisjonen vart opna for andre investorar.
Før kapitalutvidinga var eigarskapen fordelt på 120 millionar aksjar. No er den fordelt på 220 millionar aksjar, som betyr at eigarane før emisjonen framleis eig over halvparten av aksjane. Roger Halsebakk sitt investeringsselskap Ronja Capital, som gjekk inn på eigarsida tidlegare i år eig omlag 11 prosent etter emisjonen, i følgje Tønseth. Tønseth er investeringsdirektør i Ronja Capital og styreleiar i Salmon Evolution.
Skal ha meir pengar
Selskapet gjennomførte ei kapitalinnhentinga tidlegare i år. Då blei det henta inn 258 millionar kroner i ny eigenkapital.Når dei 500 millionane som selskapet har henta inn no er på konto skal dei brukast til å finansiere første byggetrinn av det landbaserte oppdrettsanlegget i eit nedlagt steinbrot ved sjøkanten i Fræna.
Planen er å hente inn ytterlegare 450 millionar kroner i ei ny kapitalutviding neste år. Også den skal finansiere første byggetrinn, som er berekna til å koste 1,3 milliardar kroner. Målet er å slakte første fisk frå anlegget i slutten av 2022.
Når kapitalutvidinga neste år er gjennomført er planen å hente inn ytterlegare 750 millionar kroner, seier Tønseth. Det skal vere med på å finansiere bygginga av resten av anlegget, som skal kunne produsere heilt ferdig vil det produsere nesten 31 tusen tonn sløyd laks i året.
Då tidlegare dagleg leiar Odd Tore Finnøy presenterte planane til Salmon Evolution i Shippingklubben i Ålesund tidlegare i år sa han at selskapet kan bygget enda meir i Fræna og minst doble produksjonen frå 31 tusen tonn. Og det skal ikkje stoppe der. Det er fleire stadar langs kysten som egnar seg for landbaserte oppdrettsanlegg, i følgje Finnøy.
Målet er å kome opp i 100 tusen tonn sløyd laks i året, sa han. Det utgjer nesten åtte prosent av den norske oppdrettsproduksjonen av laks og aure.
Publisert: 04.09.2020 09:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02