Vindkraftkommunar vil ha vetorett
VINDKRAFT: Ei rekkje vindkraftkommunar reagerer på at staten har siste ordet i vedtak om vindkraftutbygging.
Nytt

Vindkraftkommunar vil ha vetorett

Landssammenslutninga av Norske Vindkraftkommunar vil ha vetorett, slik at staten ikkje får siste ordet.

05.04.2019
NPK-NTB: Dette kan setje ein stoppar for vindkraftutbygging i område som gjeld dei.
Måndag presenterte Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) forslaget til nasjonal ramme for vindkraft. Delar av miljørørsla har vore svært negativ, og mottakinga frå kommunane det gjeld, er blanda.
Forslaget skal ut på høyring, før det blir justert og Stortinget til slutt skal gjere eit vedtak.

Er berre høyringspart

Landssammenslutninga av Norske Vindkraftkommunar består av 47 kommunar som har eller planlegg vindkraft. Dei reagerer ifølgje på at staten får siste ord.
– No er vi berre høyringspart, men det er ikkje godt nok. Seier kommunestyret nei til utbygging, skal ikkje staten gi konsesjon for vindkraftverk i den kommunen, seier leiar Wenche Tislevoll, som også er ordførar for Høgre i vindkraftkommunen Fitjar i Hordaland.
Dei 13 områda NVE meiner er mest eigna for vindkraftutbygging ligg i rundt 100 kommunar, og av dei kom 30 med innspel i fjor haust. Ni var positive, elleve var negative og ti kom med reint faglege innspel.
Ingen av dei politiske partia Klassekampen har vore i kontakt med vil gi kommunane vetorett til å setje foten ned for vindkraftutbygging i eigen kommune, men fleire seier det skal leggast sterk vekt på innspelet til kommunane.

Vestland Ap reagerer

Også fylkeslaget til Arbeidarpartiet i Vestland vil gi kommunane meir makt i avgjerda om kvar det skal byggjast vindturbinar.
– Me kan ikkje sitja i eit lukka rom på Stortinget eller andre stadar og bestemma når det er lokalbefolkninga som først og fremst er nøydd til å ofra noko, seier fylkesleiar i Vestland Ap og ordførar i Bergen Marte Mjøs Persen til .
Fylkeslaget har sendt inn fleire endringar til innstillinga frå distriktsutvalet som skal vedtakast på landsmøtet til Arbeidarpartiet i helga. I ei av endringane heiter det at eitt av kriteria for vindkraftutbygging må vere «aksept frå råka kommunar i tillegg til natur- og miljøfaglege vurderingar».
Seier kommunestyret nei til utbygging, skal ikkje staten gi konsesjon for vindkraftverk i den kommunen

Publisert: 05.04.2019 14:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33