Vindkraftkonsesjonar under lupa
OMSTRIDD: Vindkraftutbygging på land har i lang tid vore eit omdiskutert tema. Konsesjonsbehandlinga av nye prosjekt er inntil vidare sett på vent i påvente av ny politikk. Her frå vindmølleparken på Haramsøya.
Nytt

Vindkraftkonsesjonar under lupa

Olje- og energiminister Tina Bru vil legge fram ei stortingsmelding om konsesjonsordninga for vindkraftutbygging før sommaren.

21.04.2020
NPK- Kjell Åsmund Sunde: Vindkraftutbygging på land har i lang tid vore eit omdiskutert tema. Konsesjonsbehandlinga av nye prosjekt er inntil vidare sett på vent i påvente av ny politikk.
Måndag inviterte Olje- og energidepartementet til digitalt innspelsmøte. Der fekk aktørar frå næringslivet, naturvernorganisasjonar, kommunar og fylke komme med innspel til ei framtidig stortingsmelding om ny konsesjonsordning i vindkraftnæringa.
– Tema i dag er vindkraft og konsesjonsbehandling. Det er eit veldig engasjement rundt dette. Vindkraftutbygging set naturen under press, samstundes veit vi at vi må få på plass meir fornybar straum, sa statsråd Tina Bru i innleiinga til møtet.
Som eit utgangspunkt for vidare diskusjon, leverte NVE i januar ein rapport der dei hadde gått gjennom konsesjonssystemet for vindkraft på land internt og vurdert tiltak for forbetringar. Denne rapporten blei eit utgangspunkt for innspela på møtet måndag.

Brei semje om tidsbruk

Eitt av elementa som fleire av deltakarane på innspelsmøtet tok opp, er tida det tar frå ein konsesjon blir gitt til ferdig vindkraftverk står klart. Fleire tok til orde for at denne prosessen er for lang og at det difor blir store skilnader i kva det er gitt konsesjon til og kva som blir det endelege resultatet når eit kraftverk står klart.
– NVE må forbetre tidsbruken i konsesjonsbehandlingar. No tar det sju til åtte år frå konsesjon blir gitt til ferdig kraftverk står klart. Det er betydelege moglegheiter for å redusere lengda på prosessen, sa leiar Anders Bade i vindkraftselskapet Fred Olsen Renewables under møtet.
Fleire peika på at lange prosessar fører til lite samsvar mellom det som blir gitt konsesjon for og det som blir endeleg resultat.
– Fristane for byggjestart må vere kortare. Konsekvensutgreiing og faktisk utbygging må henge saman i større grad, sa Jon Evang i miljøstiftinga Zero.

Kommunane må få tilbake

Eit anna tema som mange tok opp, var økonomi. Mange tok til orde for at skatteordningar lik dei ein finn i vasskraftutbygging, må komme på plass.
– Kompensasjons- og skattesystemet må endrast. Og mykje kan endrast innanfor rammene av lovverket, sa Thomas Bjørdal i Landssamanslutninga for norske vindkraftkommunar (LNVK) under møtet.
– Kommunane som stiller område og natur til disposisjon har tatt ein for laget heilt utan føreseielege kompensasjonsordningar. No er det på høg tid at ein tilpassar konsesjonssystemet og skattesystemet etter tida vi er i, sa han.
Statsråd Tina Bru peika på at skattesystem og økonomisk kompensasjon ikkje direkte er knytt opp mot konsesjonssystemet som blei diskutert i møtet måndag.
– Denne stortingsmeldinga handlar om konsesjonssystemet, ikkje økonomi og skatt, men eg tar det med meg alle innspel i vidare arbeid. Eg har tru på at vi skal klare å stake ut vegen vidare, og eg vil legge fram ei stortingsmelding før sommaren, sa ho i avsluttingsinnlegget sitt på møtet.
Kommunane som stiller område og natur til disposisjon har tatt ein for laget heilt utan føreseielege kompensasjonsordningar

Publisert: 21.04.2020 17:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56