Aker-eigar Kjell Inge Røkke vitna torsdag i søksmålet om Solstad-reiarlaget.
Ein rekke aksjonærar med investor og finansmann Christen Sveaas i spissen har fremma søksmål mot både Røkke, Aker Capital, styret i Solstad Offshore og Røkke-partnar Frank Reite.
Stridens kjerne er refinansieringa og restruktureringa av offshorerederiet Solstad Offshore som enda med at store delar av flåten, blei overført til eit nytt Aker-kontrollert selskap Solstad Marine.
Dette er Solstad-striden:
- I oktober 2023 melde kriseramma Solstad Offshore at det hadde blitt einige med kreditorane om ein refinansieringsavtale for å redde selskapet, i samarbeid med majoritetseigar Aker Capital.
- Røkke-eigde Aker gjekk inn 2,25 milliardar kroner, samstundes som ein stor del av flåten vart overført tili eit nytt dotterselskap, Solstad Maritime, der Aker Capital vart majoritetseigar.
- Minoritetsaksjonærane fekk berre begrensa tilgang til å delta i aksjesalget i det nye selskapet.
- Christen Sveaas sitt selskap Kistefos som var nest største eigar i Solstad Offshore, meiner Aker fekk overta båtane på billegsal medan småeigarane vart utvatna.
- Sveaas-selskapet Kistefos har tatt ut erstatningssøksmål mot Aker Capital, Solstad-styret og meklarhuset Pareto. Saka startar i Oslo tingrett 7. oktober.
- Solstad var i 2017 Norges største reiarlag med 154 skip, då det fusjonerte med Deep Sea Supply og Farstad Shipping.
Innleiingsvis blei Røkke stilt spørsmål om sitt perspektiv som styreleiar og korleis han såg på Solstad-reiarlaget sin situasjon.
Han understreka at det var store svingingar, som i stor grad var avhengig av oljeprisen.
– I ein bransje som er syklisk må ein ha robust og god finansiering i selskapet, sa Røkke.
Eg må halde meg litt i skinnet for å ikkje seie akkurat kva eg meiner
– Det er ingen som har tapt pengar
Verdivurderinga og gjelda til reiarlaget blei tidleg eit tema.
– Eg humrar litt over at det er ein erstatningssak. Det er ingen som har tapt pengar, skaut Røkke inn.
Han omtala Kistefos sin tilnærming og verdivurdering som «useriøs».
– Eg må halde meg litt i skinnet for å ikkje seie akkurat kva eg meiner, la han til.
Om bankane: – Dei er som Fantomet
Då Røkke blei spurt om sitt forhold til bankane blei det humring i salen.
– Dei er som Fantomet harde, men rettferdige, sa han.
Moldenseren blei også spurt om dei alternative forslaga til løysingar som har vore omtala i rettssaka. Desse hadde Røkke ingen tru på.
– Om det var så rett fram, er eg overraska over at det ikkje var ei løysing på bordet allereie, sa han.
Eg blei ganske irritert over at dei ikkje hadde kome lengre
– Vi var på overtid av overtida
– Absolutt ikkje, svarte Røkke på spørsmål om Aker på noko vis hindra Solstad i å refinansiere reiarlaget.
Han fortalde at selskapet jobba på eiga hand med å skaffe ei refinansiering, og at han sjølv ikkje blei personleg involvert før september 2023.
På det tidspunktet var han misnøgd med at reiarlaget ikkje hadde kome lenger.
– Eg blei ganske irritert over at dei ikkje hadde kome lengre. Vi var på overtid av overtida, sa Røkke.
– Ei velkoordinert drittpakke frå Kistefos
Røkke meiner Aker ikkje fekk betalt for innsatsen og midlane dei gjekk inn med, og var fleire gonger villig til å droppe heile avtalen.
Løysinga med Aker kom på bordet i slutten av oktober. Røkke fortalde at dei ikkje høyrte noko frå Kistefos sin side fram til 7. desember, då dei kom med krass kritikk offentleg.
– Dette var ei velkoordinert drittpakke frå Kistefos, der Aker blei framstilt som skurken og Kistefos var heltane, sa Røkke.
Han meiner det heile var basert på rein løgn frå Kistefos-sjef Bengt Rem.
– Heile saka frå Kistefos er basert på løgn, la Røkke til.
Heile saka frå Kistefos er basert på løgn
Var frustrert over framdrifta
Etter ei pause overtok saksøkjarane utspørjinga. Kjell Inge Røkke blei fleire gonger bedt om å kommentere utsakn frå Aker-sjef Øyvind Eriksen, noko han avslo.
Gjentekne gonger svara Røkke at han ikkje var del av samtalane advokaten spurte om, eller bad advokaten om å vere meir spesifikk i spørsmåla sine.
– Eg vil ikkje spekulere i det, svara han.
På spørsmål om kvifor Røkke ønska å kaste styret i Solstad-reiarlaget på eit tidspunkt, svara moldenseren at han var frustrert over manglande framdrift.
– Dei måtte sørge for å få ei løysing og sikre at selskapet ikkje gjekk konkurs, sa han vidare.
Du fekk det rett gitt, grattis
– Du fekk det rett gitt, grattis
Då saksøkjarane sin advokat ville vite kvifor Lars Peder Solstad var på Røkke sitt jaktslott i Sverige i oktober 2023, protesterte moldenseren.
– Det er feil premiss. Eg har ikkje noko jaktslott i Sverige, sa Røkke.
Etter at advokaten fekk opplyst kven som eigde slottet, og stilte spørsmålet på nytt svara Røkke: – Du fekk det rett gitt, grattis.
Når det kom til påstandar om at Røkke skal ha trua mellom anna med å seie opp rådgivarane i Pareto, sa moldenseren at det var eit «frustrert brøl frå ein papirtigar».
Blei spurt om likebehandling
Mot slutten av utspørjinga blei Røkke spurt om kvifor Aker ikkje ville vere med på ein emisjon der alle blei likebehandla.
Røkke svara fleire gonger med å vise til at han ville ha ei heilskapleg og robust løysing som var vasstett då den var annonsert. Etterpå spurte advokaten om Røkke trudde Aker ville vorte saksøkt om dei hadde slept til alle aksjonærar som ønska å vere med.
– Eg veit ikkje, og eg veit ikkje heilt kvifor eg er saksøkt, sa Røkke
– Vi er stolte og nøgd med kva vi har fått til, og aksjonærane har fått dobla pengane sine, sa moldenseren før retten avslutta for dagen.
På førehand har Røkke omtala søksmålet som «absurd» og at han meiner «ingen har lidd økonomiske tap». Han reagerte også kraftig på at Reite var trekt inn i saka.
Sidan saka starte i Oslo tingrett 7. oktober, har Røkke sine metodar vore gjenstand for kritikk. Mellom anna uttalte Solstad Offshore-sjef Lars Peder Solstad at han synest det var «dirty» av Røkke å true med å stemme nei til ei løysing som då låg på bordet.
Rettssaka held fram med forklaringar frå vitne og sakskyndige til 16. desember. Då tek retten pause og startar opp at med partane sine prosedyrar frå 5. januar. Saka blir ifølgje planen avslutta fredag 16. januar.
Publisert: 04.12.2025 12:37
Sist oppdatert: 05.12.2025 10:12






