Viser fram stridsdrone
Griff Aviation håpar på gjennomslag for panservernrakett på drone.
- Vi tok ei retning vi aldri hadde sett for oss, seier Svein Even Blakstad i Griff Aviation om samarbeidet med ammunisjon- og våpenprodusenten Nammo på Raufoss. Samarbeidet starta i fjor, etter at Nammo tok kontakt.
I førre veke vist Blakstad fram resultatet på Teknologifestivalen i Sykkylven, eit drone frå Griff Aviation med utstyr for å koble på to berbare panservernrakett-rør.
Nammo på Raufoss lagar mellom anna M72, ein lett og berbart panservernrakett som har vore i bruk sidan 1960-talet og er vidareutvikla mange gangar. Våpenet blir avfyrt frå skuldra og har ei rekkevidde på 350 meter, ifølgje Store Norske Leksikon.
Billegare alternativ
- I nær framtid skal vi teste systemet for interessentar, seier Blakstad.
I Ukraina har panservernrakettsystemet Javelin vore ein suksess for ukrainarane i krigen mot Russland og russiske stridsvogner.
Ulempa med Javelin er prisen, over to millionar kroner for kvar rakett skreiv økonomimagasinet Forbes i desember i fjor. Til samanlikning kostar M72 mellom 8000 og 24.000 kroner, ifølgje Military-today.
Styrer på avstand
Medan M72 opphavleg ble laga for å avfyrast av ein soldat i strid, nær fienden, blir M72 på ein drone avfyrt av ein droneoperatør som kan sitte langt unna. Dronen flyg i utgangspunkt lavt fram mot målet for å unngå å bli oppdaga og skoten ned, mellom anna ved hjelp av kamerateknologi.
I og med at panservernrakettane blir avfyrt frå lufta og ned mot stridsvognene har rakettane større sjanse for å øydelegge stridsvogner en rakettar som blir avfyrt frå bakken.
Sivil marknad
Då Griff Aviation blei etablert var målet den sivile marknaden, mellom anna til kraftselskap for å frakte last i uvegsamt terreng.
I mars i år sa grunnleggar, medeigar og dagleg leiar, Leif Johan Holand, at det er vanskeleg å spå om det blir den sivile eller militære marknaden som blir viktigast for selskapet.
Publisert: 06.06.2023 15:30
Sist oppdatert: 06.06.2023 15:26