Griff aviation drone 135 montasje leif johan holand foto griff ogne 11
VÅPENSAMARBEID: Dagleg leiar Leif Johan Holand i Griff Aviation fortel at det er stor interesse for stridsdronar. Eit samarbeid med Nammo skal gjere at dronene deira kan bli utstyrt med panservernrakettar, som samarbeidspartnareren produserer. Foto: Griff Aviation/Ogne Øyehaug
Nytt

Stor interesse for stridsdronar

Sykkylven-selskap i samarbeid om å utstyre dronane med rakettar.

Marius Rosbach
11.07.2022

Griff Aviation har inngått eit samarbeid med Nammo på Raufoss som skal utvikle dronane deira til militære kampvåpen. Det opplyser Sykkylven-selskapet i eit presseskriv.

Målet med samarbeidet er å lage ei utskytingsmekanisme for panservernrakettar av typen M72. Dronane Griff 135 og 165 som blir laga i Sykkylven, kan løfte høvesvis 30 og 60 kilo. Dei har difor kapasitet til å løfte slike type våpen.

- Blir seld til Nato
Dagleg leiar Leif Johan Holand fortel til avisa Nyss at stridsdronar kan vere effektive verktøy – også i militære samanhengar. Interessa kring produktet skal vere stor:

- Sidan dette er militært kan vi ikkje gå inn på kven som er interesserte. Det vi kan seie er at dronen blir seld til Nato. Det er heller ikkje utenkjeleg at Noreg vil kjøpe den inn, då vi har eit samarbeid med Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), seier han til lokalavisa.

Avtalen blei også nyleg omtala i Teknisk Ukeblad.

Fleire bruksområder
Sykkylven-selskapet har utvikla teknologien som gjer dronane i stand til å gjere tunge løft og samtidig tole røffe forhold.
Andre marknader for dronane enn militære, kan vere selskap som byggjer kraftliner og entreprenørar som byggjer langt for eksisterande infrastruktur.

Då koronapandemien slo til var Griff Aviation kort tid unna å sikre seg si første større kontrakt, men så blei alt sett på vent.

Tunge investorar som Roger Halsebakk sitt selskap Ronja Capital, er mellom eigarane. Griff Aviation blei verdsett til 250 millionar kroner i samband med ein emisjon i 2020.

Publisert: 11.07.2022 23:06

Sist oppdatert: 08.03.2023 12:22

Mer om