Ber kundar ved Moa-butikk teste seg
Åtte nye smitta i Ålesund.
Måndag kveld fekk Ålesund kommune meldt inn åtte nye smittetilfelle med koronavirus.
– Eitt av dei nye smittetilfella medfører at vi ber kundar som har vore på Triumph Moa laurdag 24. juli om å teste seg og å vere oppmerksame på symptom, heiter det i ei pressemelding tysdag.
Fem av dei smitta er nærkontaktar til tidlegare kjent smitta.
Ein av dei smitta var i innreisekarantene og har ikkje nærkontaktar. To av dei smitta har fått påvist smitte etter reise innanland. Smittekjelda er ukjend og smittesporing pågår, opplyser kommunen.
– Vi ser aukande smitte i samband med ferie og at vi sosialiserer oss meir. Det viser seg at du både kan bli smitta og føre smitten vidare sjølv om du er vaksinert. Dette gjer smittesporinga utfordrande. Hugs å teste deg om du har symptom! Hald på dei gode rutinene med god handhygiene og avstand, seier smittevernlege, Maiken Talsæte, i meldinga.
(saka held fram under)
I helga blei det klart at Brooklyn Pub i Ålesund sentrum måtte stenge inntil vidare, fordi ein tilsette hadde fått påvist smitte.
– Sjølv om det er økonomisk tungt, så må vi følgje føre var-prinsippet. Det er betre at vi stenger ei veke, enn at fleire må stenge seinare. Vi må tenke på fleire enn oss sjølve, sa styreleiar Rolf-André Kvalø i selskapet som driftar puben, til NETT NO måndag.
Publisert: 27.07.2021 10:21
Sist oppdatert: 27.07.2021 10:34