Brooklyn pub foto brooklyn pub 11
STENGT: Styreleiar Rolf-André Kvalø rosar dei tilsette ved Brooklyn Pub som har hatt eit tøft år. No er puben stengt inntil vidare. Foto: Brooklyn Pub på Facebook
Nytt

– Betre at vi stenger ei veke, enn at fleire må stenge seinare

Tilsette ved Ålesund-pub blir råka på nytt etter beintøft år.

Marius Rosbach
26.07.2021

I helga blei det klart at Brooklyn Pub i Ålesund måtte stenge dørene inntil vidare grunna koronasmitte. Førre veke testa ein gjest positivt, og i helga testa også ein av dei tilsette ved puben positivt.

– Vi håpte vi skulle sleppe å stenge, men vi har hatt ein god dialog med kommunen heile vegen og såg at det var til det beste for alle, fortel styreleiar Rolf-André Kvalø i selskapet som driftar puben, til NETT NO.

– Økonomisk tungt
Han fortel at dei har kring ti tilsette i arbeid for tida, og legg ikkje skjul på at det har vore eit tøft år med stadige smitteverntiltak for serveringsbransjen.

– Sjølv om det er økonomisk tungt, så må vi følgje føre var-prinsippet. Det er betre at vi stenger ei veke, enn at fleire må stenge seinare. Vi må tenke på fleire enn oss sjølve, legg Kvalø til.

I vår blei Ålesund råka av eit smitteutbrott som spreia seg på utestaden Toldboden. Det førte til strengare tiltak i byen i fleire veker og drivarane er skulda for å ha brote smittevernreglane.

Keiserens Pub blir ikkje råka
Denne gongen er det ikkje mistanke om brot på smittevernreglane. Styreleiaren ved Ålesund-puben forsikrar også at dei har økonomisk ryggrad til å takle utfordringane.

Selskapet som heiter Ees Invest, står også for drifta av Keiserens Pub i Ålesund. Drifta her blir ikkje råka.

– Det er to ulike grupper med tilsette som er skilde frå kvarandre, sjølv om vi har felles varelager, fortel Kvalø.

Rosar dei tilsette
Som resten av bransjen, har utestadene deira vore råka av stenging og permitteringar som følgje av koronapandemien. Styreleiaren rosar dei tilsette for korleis dei har stått på for bedrifta. No må dei gjennom ein ny tøff periode.

– Vi har ein stabil og lojal gjeng og vi er takksame for at dei stiller opp og bryr seg om arbeidsplassen, seier han.

Kvalø fortel at nokre tilsette framleis er ute i permisjon, og at nokre også har flytta eller fått seg nye jobbar.

Ees Invest hadde ei omsetning på drygt 16 millionar og eit driftsresultat på solide 1,4 millionar i 2019. Tala for 2020 er ikkje offentlege enno.

Publisert: 26.07.2021 15:46

Sist oppdatert: 07.12.2021 19:45

Mer om