Vågegruppa i Volda kom fredag med to nyheiter på kort tid. Først blei det meldt at dei går inn på eigarsida i Nordfjord Betong og kjøper 50 prosent av selskapet.
Deretter blei det kjent at entreprenørselskapet kaprar eit større oppdrag med å bygge kai på Gjøsundet.
Skal eige saman med Lefdal
Oppkjøpet av Nordfjord Betong markerer eit strategisk samarbeid med Lefdal Invest AS, som framleis skal eige dei resterande 50 prosenta, ifølgje ei pressemelding.
– Målet med oppkjøpet er vidare vekst og utvikling i selskapa og regionen, uttaler dagleg leiar Askjell Våge i Vågegruppa.
Det blir ikkje opplyst kor mykje dei betalar for aksjane.
Storkontrakt på Gjøsundet
Nokre minutt seinare kom meldinga om at entreprenørselskapet A. Våge, har sikra seg oppdraget med å bygge ei 165 meter lang kai på Gjøsundet i Giske.
- Arbeidet med kaianlegget startar så snart løyve om igangsetting er på plass, og det er forventa at kaia står ferdig innan utgangen av 2026, opplyser kommunedirektør Karl Andre Birkhol i Giske i ei pressemelding.
Ifølgje sakspapira til kommunestyret i Giske, som torsdag godkjente eit nytt låneopptak i saka, kjem det fram at den samla investeringa i kaia blir på nær 90 millionar kroner.
Skal sikre betong
Under Vågegruppa ligg A. Våge AS, Volda Bygg AS og Sunnkran som samarbeider tett, samstundes som dei driv eigne prosjekt.
Oppkjøpet av Nordfjord Betong er ei langsiktig satsing som skal sikre stabil tilgang på betong, spesielt for kaispesialisten A. Våge. Askjell Våge påpeiker at dei også meiner det er strategisk rett å samarbeide med Lefdal.
- John Olav Lefdal i Lefdal Invest har ein positiv energi som passar Vågegruppa godt, uttaler Våge.
Fleire år med underskot
Nordfjord Betong har base i Nordfjordeid, og omsette for mellom 6 og 17 millionar i åra 2020-2024. Samtlege år enda med underskot og eigenkapitalen i selskapet har vore negativ i fleire år.
Som ein del av det nye eigarskapet vil det bli etablert eit avdelingskontor på Nordfjordeid, der Vågegruppa vil samarbeide tett med Mulvik og Lefdal Invest i felles kontorlokale.
Publisert: 24.04.2026 10:27
Sist oppdatert: 24.04.2026 11:04






