Askjell Våge Temesgen Hailemariam Foto Marius Rosbach 11
FAST ARBEID: Temesgen Hailemariam, eller «Teme» som han gjerne blir kalla, har teke fagutdanning og er no i fast arbeid hos Askjell Våge i Volda-bedrifta A. Våge. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Har verkeleg gjort ein solid jobb

A. Våge-sjefen er imponert over innsatsen til Temesgen Hailemariam - som no har fagutdanning og fast jobb.

Marius Rosbach
25.01.2023

Sjefen til Temesgen Hailemariam er imponert over innsatsen 36-åringen har lagt ned sidan han kom til Norge. Han kom til Norge som einsleg flyktning i 2014, og har sidan skaffa seg fagutdanning som betongarbeidar og fast arbeid.

– Han har verkeleg gjort ein solid jobb etter at han kom til Norge, og spesielt med å lære språket, fortel dagleg leiar Askjell Våge i entreprenørverksemda A. Våge til NETT NO.

I full sving som betongarbeidar
Til dagleg er no Hailemariam i full sving som betongarbeidar i bedrifta, som mellom anna lager kaier til industri og anna bruksområde.

Det siste året har han vore med på store oppdrag med å levere nye kaier til Larsnes Mek. Verksted og til Herøy kommune på Mjølstadneset.

– Eg trivast godt og har gode kollegaer. Eg likar jobben og har allereie lært mykje. Det er utfordrande, også har eg har fått sett litt av Norge fordi vi reiser ut på oppdrag, fortel han.

Vanskeleg ventetid på opphaldsløyve
Norskopplæring var det første han måtte gjennom etter at han kom til Norge som flyktning. Det lærte han ved Volda opplæringssenter. I tillegg måtte han ta vidaregåande opplæring, før han kunne starte på sjølve fagutdanninga.

Det mest vanskelege undervegs var tida han måtte vente på opphaldsløyve, fortel Hailemariam.

– I dei to åra kunne eg verken gå på skule, eller jobbe. Det var stor usikkerheit, og det meste av tida var eg berre heime. Det var ei vanskeleg periode, legg han til.

Mangla utdanning frå heimlandet
Manglande arbeidserfaring er ofte éin grunn til at folk ikkje kjem i fast jobb. Samtidig opplever mange med utanlandsk bakgrunn at det er vanskeleg å sleppe til på arbeidsmarknaden.

Hailemariam hadde ikkje utdanning frå heimlandet, men jobba med å reparere elektronikk før han vart soldat – og seinare måtte flykte. Difor starta han med «blanke ark» då han kom til Norge.

Sjølv om vegen kan virke lang, oppmodar han personar i same situasjon, til å seie ja om dei får tilbod om praksisplass, eller anna moglegheiter til å skaffe seg erfaring.

Folk må ta initiativ sjølv for å ha større sjansar til å sikre seg jobb, seier han.

Publisert: 25.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 25.01.2023 23:01

Mer om