Etter ei kapitalutviding tidlegare i år auka Eivind Volstad og familien frå 48 til omlag 58 prosent eigarandel i Maritime Partner.
Fleire av aksjonærane var med på kapitalutvidinga på 20 millionar kroner i båtbyggjarselskapet i Ålesund. Det familieeigde selskapet Voldstad var største bidragsytar, ifølgje styreleiar Ole Reinhart Notø i Maritime Partner. Kapitalutvidinga vart gjennomført i juni.
2024-rekneskapen for Maritime Partner er ikkje offentleg enno, men Notø skriv i ein e-post at selskapet hadde «stort tap i 2024 som skyldes en rekke faktorer».
Nye oppdrag
I april i år sa dåverande dagleg leiar, Torstein Heggstad, at Maritime Partner budde seg på å kunne levere 40 båtar i året, ei dobling samanlikna med 2023.
Grunnen var auka etterspørsel.
I februar inngjekk selskapet si hittil største kontrakt, på over ein halv milliard kroner for for sju båtar til den danske redningstenesta.
Tre kapitalutvidingar
Frå desember 2023 og innan utløpet av 2024, henta Maritime Partner til saman 46 millionar kroner i ny kapital, i tre omgangar. Dette blei gjort dels ved å gjere om gjeld til aksjar og dels ved å få inn friske pengar.
Kapitalutvidinga vart gjort for å sikre selskapet etter eit underskot på 33 millionar kroner i 2023.
Voldstad blei største aksjonær i Maritime Partner i kapitalutvidinga i desember 2023.
Publisert: 11.11.2025 10:13
Sist oppdatert: 11.11.2025 10:13






