Vurderer nedlegging av Sandane lufthamn
I FARE: Sandane lufthamn er ein av flyplassane Avinor har på lista over flyplassar som blir vurdert nedlagt.
Nytt

Vurderer nedlegging av Sandane lufthamn

Avinor vurderer å legge ned Sandane lufthamn.

07.11.2014
(NPK/NETTNO): Framtida til småflyplassane vert no vurdert av Avinor. Eitt av forslaga går på å legge ned Sandane lufthamn, og kanskje Sogndal eller Førde.
Denne veka møtte Avinor representantane for kortbaneflyplassane i Sogn og Fjordane, i tillegg til Ørsta/Volda lufthamn i Møre og Romsdal. På infomøtet la Avinor fram ulike framtidsscenario, der dei blant anna ser på moglegheita for å legge ned Sandane lufthamn, skriv Nationen.

Kuttar i Sogn og Fjordane

Avinor presenterte tre moglege modellar på møtet. Eitt alternativ er å halde på dagens flyplasstruktur, eitt anna å legge ned Sandane lufthamn og eitt tredje alternativ er å legge ned enten Sogndal eller Førde i tillegg til Sandane lufthamn. Florø lufthamn skal også vere i faresona, skriv avisa.
– Viss dei legg ned nokon av flyplassane, er det ikkje med vår velsigning. Då vert det opprør frå oss. Eg vil sjå på det som endå eit angrep mot Distrikts-Noreg, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Åshild Kjelsnes (Ap) til Nationen.
Avinor opplyser at dei framleis berre er i startfasen av planarbeidet, og at dei ikkje vil kome med nokon konklusjon før i 2016. Deretter må planane vurderast av Stortinget.

La flyplass i potten

I samband med trasévalet for ein ferjefri E39 tidlegare i år la nordfjordingane både sjukehuset på Eid og Sandane Lufthamn i potten for å få regjeringa til å velje det såkalla mindtre alternativet. Det vil seie bru over Nordfjorden mellom Lote og Anda, veg gjennom Stigedal og ny bru over Voldsfjorden, litt lenger inne i fjorden enn der ferja Volda-Folkestad går i dag.
- E39 i midtre vil i motsetnad til E39 i indre legge til rette for effektivisering av flyplass- og sjukehusstruktur og kommunesamanslåing slik regjeringa ønskjer. Eid og Gloppen kommune har vedtatt at dei er innstilt på kommunesamanslåing dersom det blir bru over Lote/Anda. Ved indre E39 aukar avstanden mellom regionane og tenestene, og ein vel bort høvet til å oppnå denne effektiviseringa i framtida, skreiv Mats Andersson, leiar i Nordfjordkryssing i ei pressemelding i mars.

Valde indre

Statsminister Erna Solberg og resten av regjeringa let seg ikke overtyde av tilhengarane av midtre line, og gjekk heller for tunell under Utvikfjellet og kryssing av Nordfjord ved Innvik og inn på Kvivsvegen.
- Kort oppsummert så viser Erna Solberg at ho meiner at Sogn og Fjordane er eit forbikjøringsfylke og ikkje eit verdiskapingsfylke. Det er trist, sa Eid-ordførar Alfred Bjørlo til Fjordenes Tidende då nederlaget var eit faktum.

Kravde like godt tilbod

Nils R. Sandal, tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane og styreleiar i Nordfjordkryssing, var tidleg ute og sa at Sandane luftsham kunne bli ofra om regjeringa valde midtre line.
Men han stilde krav om at flyplasstilbodet, medrekna reisetid og reiseveg til flyplassen skulle bli like godt som i dag.

- Eg ser at flyplasstrukturen blir aktuell å diskutere. Men då skal vi ha fullgod kommunikasjon fram til ein flyplass som kan yte like god eller vel så god service som vi har i dag, sa Sandal til NETT NO i januar i år.

Publisert: 07.11.2014 13:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38