Har selt store delar av bustadprosjekt 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
NESTEN UTSELD: Jogeir Romestrand (innfelt) sitt selskap Rome Utvikling sto bak bygginga av tre bustadblokker i Bjørndalvegen i Ulsteinvik sentrum. Av 43 leilegheiter 39 selde. Biletet er frå bygginga i 2019. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vurderer nye utbyggingar

Jogeir Romestrand si satsing på sentrumsbustadar i Ulsteinvik har gitt meirsmak. Vurderer prosjekt i andre tettstadar på Nordvestlandet.

20.07.2021

Av 43 leilegheiter i Ulstein sentrum er 39 selde. To er av dei fire som ikkje er selde enno er utleigd, og to ligg ute for sal.

Det er Romestrand sitt selskap Rome Utvikling som står for utbygginga og inntektene frå salet av leilegheitene medverka til overskot i selskapet i fjor (sjå tabell).

Saman med andre investorar
Mange av leilegheitene i Bjørndalvegen Park-prosjektet vart seld allereie under bygginga og erfaringane frå Ulsteinvik har gjort Romestrand interessert i å satse også i andre tettstadar på Nordvestlandet.

Han stadfestar at to prosjekt blir vurdert, saman med andre investorar, men vil førebels ikkje seie meir om framdrift og kvar det kan bli aktuelt å investerer.

Leiarskifte i Rome
Romestrand er i dag dagleg leiar i Evotec, eit selskap i Entec Group-konsernet, der han er medeigar gjennom selskapet Rome.

Fram til no har han vore dagleg leiar i Rome, men no tek dattera Elise Romestrand Ingebrigtsen over. Ho er utdanna i eksportmarknadsføring og internasjonale forretning og marknadsføring frå NTNU og har arbeidd med logistikkplanlegging hos Epax i tre år.

Rome-selskapa driv med eigedomsinvestering og -forvaltning og andre investeringar. Rome er morselskapet i Rome-systemet.

Rome Utvikling as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt106,3
Driftsresultat18,4-0,2
Resultat før skatt18,4-0,2
Rome Eiendom I as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt9,09,1
Driftsresultat6,56,6
Resultat5,25,1
Rome as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt5,09,0
Driftsresultat-5,23,4
Resultat før skatt16,7-19,2

Publisert: 20.07.2021 15:45

Sist oppdatert: 21.07.2021 06:19

Mer om