Vurderer renteauke
HOPP: Stig Brautaset er usikker på om Sparebank 1 Søre Sunnmøre vil auke bustadsrenta allereie i morgon, men sikker på at rentenivået på bustadlån er på veg opp.
Nytt

Vurderer renteauke

Folk må bu seg på både tre og fire prosent rente på bustadlån framover. Botnen er nådd, trur Stig Brautaset i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

14.11.2016
I morgon samlast priskomiteen i Sparebank 1 Søre Sunnmøre for å mellom anna diskutere nivået på bustadlån.
Tidlegare har både DNB og Nordea varsla at dei set opp renta på bustadlån. I dag kom Sparebanken Vest med sitt varsel, og i morgon kan Sparebank 1 Søre Sunnmøre kome til å gjere det same.
- At vi har sett botnnivået for bustadrenta for denne gang det trur eg nok, seier Brautaset.

Ser på konkurrentane

Om renteauken blir vedtatt i morgon er han ikkje sikkert på, men at den kjem er sikkert.
Det har blitt dyrare for bankane å låne inn pengar, og det gjer at dei må sette opp rente. Dilemmaet er korleis kundane vil reagere dersom konkurrentane ikkje gjer det same.
- Vi ønskjer å vere konkurransedyktige, seier Brautaset.
Det tala for å vente å sjå, første og fremst på Sparebanken Møre, som er den viktigaste konkurrenten i bustadmarknaden i Sparebank 1 Søre Sunnmøre sitt område.
Brautaset sitert DNB-sjef Rune Bjerke på at dagens rentenivå er for lavt.
- Eg er samd i at normalt sett burde prisen på bustadlån vere noko høgare enn i dag, seier Brautaset.

Betre drift

Tidlegare i dag godkjente styret reknskapen for tredje kvartal.
Banken har auka rentenettoen, aukar utlåna i personkundemarknaden og fryktar ikkje store tap på grunn av oljenedturen.


At vi har sett botnnivået for bustadrenta for denne gang det trur eg nok

Publisert: 14.11.2016 13:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:03