Laila Oldeide Hole foto ogne
LIGG AN TIL SAL: Laila Oldeide Hole fortel at det truleg blir aktuelt å selje butikken på eit tidspunkt, men at dei ikkje har noko hastverk. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vurderer sal av livsverket etter nytt toppår

Paret bak Ålesunds einaste kjøtbutikk har det som oftast for travelt og gøy til å tenke på framtida.

Marius Rosbach
24.04.2026

Ekteparet Laila Oldeide Hole og Oddbjørn Hole eig og driv Hole Kjøtt i Ålesund, slik dei har gjort sidan 1991. Det siste rekneskapen viser at fjoråret vart eit nytt toppår for Ålesund sin einaste frittståande kjøtbutikk. 

For første gong bikka omsetninga 20 millionar kroner. Samtidig held overskotet seg på eit solid nivå (sjå tabell under).

Følger med på kundeutviklinga
– Vi køyrer mykje etter same oppskrift som vi alltid har gjort. Det handlar om å passe på utgiftene og innkjøpa. At omsetninga aukar, har også samanheng med at prisane aukar generelt, seier Laila Oldeide Hole til Nett No. 

Hole Kjøtt AS  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt20,219,1
Driftsresultat1,51,4
Resultat før skatt1,71,7

Ho opplever at folk i byen er flinke til å handle i kjøtbutikken, og følgjer med på utviklinga blant kundane. 

– Vi følgjer like mykje med på kundemassen, som på omsetninga. Om det kjem færre folk, så er det fare på ferde. Vi må ha rett vareutval, gjere oss attraktive og heile tida sørge for å ha god kvalitet på produkta, legg ho til. 

Laila Oldeeide Hole og Oddbjørn Hole Hole Kjøtt foto Ogne
LA OM EIGARSKAPEN: Laila Oldeide Hole og Oddbjørn Hole eig halvparten kvar av verksemda via eit felles holdingselskap som blei oppretta i 2024. Foto: Ogne Øyehaug

– Ligg an til at butikken blir selt
Ekteparet er i dag 67 og 73 år gamle. Då er det naturleg å spørje om kva tankar dei har for framtida til bedrifta. 

– Det ligg an til at butikken blir selt på eit tidspunkt. Vi har ikkje hastverk, men om det rette alternativet dukkar opp, så vil vi vurdere det, seier Laila Oldeide Hole.

Om det rette alternativet dukkar opp, så vil vi vurdere det
Laila Oldeide Hole

Ho fortel at det ikkje er nokon som er aktuelle til å ta over drifta av dei som er involvert i bedrifta i dag. 

– Per i dag har vi så mykje å gjere i det daglege, at vi ikkje har teke oss tid til å legge ein plan. Også synest vi det er kjekt å halde på, legg ho til. 

Ein av tre frittståande kjøtbutikkar
Hole Kjøtt sel ferskt kjøt og eigenprodusert spekemat, pølser og andre kjøtvarer. I 2024 omorganiserte Hole-paret eigarskapen, slik at dei no eig verksemda gjennom selskapet Odla Holding. 

Butikken i Keiser Wilhelmsgate ved Kiperviktorget i Ålesund, er ein av tre friståande kjøttforretningar på Nordvestlandet.

 Dei andre to er Brudevoll Kjøtt i Ulsteinvik - som ikkje har levert rekneskap for 2025 enno, og enkeltpersonføretaket Andreas Fausa Eftf. som driv slakterbutikk i Langevåg. 

Publisert: 24.04.2026 05:00

Sist oppdatert: 24.04.2026 10:33

Mer om