Widerøe Hovden
HOVDEN: Her kan det i 2024 bli billigare å reise frå, ifølgje Samferdsledepartementet. Arkivfoto: Marius Åmbakk Bjørkedal
Nytt

Widerøe halverer maksprisen

Næringssjefen i Ørsta trur at brukarane av kortbanenettet vil få ein ny kvardag.

Samferdsledepartementet har innstilt Widerøe for kontrakter på 18 FOT-ruter, skriv departementet i ei pressemelding måndag.

Strekningane frå høvesvis Ørsta/Volda til Bergen og Oslo er blant rutene som har blitt tildelt kontrakter. FOT-ruter står for forpliktingar til offentleg tenesteyting.

I bytte mot statsstøtte, må dei som flyg innfri krav om billettpris, kapasitet, frekvens og ruteføring.

Kontraktsperioden er frå 1. april 2024 til 31. oktober 2027/2028.

Viktig for næringslivet
– Det som skjer no, er noko som ikkje har hendt før, seier næringssjef i Ørsta kommune, Odd Magne Vinjevoll (Frp).

Billettprisane på rutene til Hovden skal bli halverte, og gjer ifølgje Vinjevoll at prisane blir konkurransedyktige med Vigra.

No trur han at mellom 20-25 prosent fleire vil velje å reise frå Hovden.

– For næringslivet er dette viktig, fordi dei får betre rammevilkår for logistikk og reise.

Sylvi Listhaug Bjørn Meek Odd Magne Vinjevoll foto Marius 11
POSITIV: Odd Magne Vinjevoll (i midten) er særs nøgd med at flybillettprisane blir halvert neste år. Arkivfoto: Marius Rosbach

Nye ruter
Næringssjefen trur likevel at der kan kome nokre materielle utfordringar.

Det har blitt lagt opp til fleire ruter frå Hovden, slik flyplassen får ein betre frekvens.

– Men kor mange fly har dei å sette inn?

Han trur at det kan føre til fleire overfylte fly, og at folk må vere enno tidlegare ute med å kjøpe billettar på dei mest ettertrakta tidene.

Likevel trur han at prisendringane vil skape ei ny verd for kortbaneflyplassar.

– Dei som soknar til nettverket vil få ein annan kvardag, og mulegheitene for å fly blir enklare.

Prisane kan bli billigare
Kommunikasjonssjef i Widerøe, Catharina Solli, fortel at dei er såpass tidleg ute i prosessen at ho ikkje kan seie noko om kvar enkelt flyrute.

Likevel fortel ho at sidan regjeringa vil halvere maksprisen på flybillettar vil det bli fleire og billegare billettar neste år, samanlikna med no.

– Dei nye prisane ligg allereie ute, om ein leiter etter 1. april 2024.

Catharina Solli Widerøe
HØYRING: Kommunikasjonssjef i Widerøe, Catharina Solli, seier dei snart skal i gang med ei høyring og reise gjennom landet for å prate med involverte kommuner, fylkeskommuner og operatørar. Foto: Widerøe

Normal flytrafikk
Samferdselsdepartementet skal betale 2,35 milliardar kroner til operatørane i året for drift av rutene.

Dette er ei auke på om lag 150 prosent frå dagens nivå.

Departementet skriv sjølv at maksprisen på flybillettar vil halverast, og trafikken på rutene dei forventar fleire vil bruke vil aukast.

Samanlikna med oktober i fjor auka flytrafikken i Hovden med ein prosent. Det var totalt 10379 passasjerar som drog frå, eller landa, på Hovden denne månaden, ifølgje tal frå Avinor.

Skal i dialog med kommunene
Widerøe var einaste tilbydar på desse rutene, ifølgje Samferdsledepartementet.

– Eg er glad for at vi no har innstilt på tildeling av kontraktene på dei resterande FOT-rutene, seier samferdsleminister, Jon-Ivar Nygård (Ap).

No skal Widerøe gå i dialog med fylkeskommuner, kommuner og lufthamnoperatørar.

Deretter blir det fastsett eit endeleg ruteprogram som skal gjelde frå oppstart av ny avtaleperiode.

– Eg forventar at operatøren gjer det ein kan for å legge til rette for eit best mogleg rutetilbod for dei reisande i desse regionane. FOT-rutene bidreg til å binde landet tettare saman, seier Nygård.

Publisert: 20.11.2023 13:50

Sist oppdatert: 20.11.2023 18:14

Mer om