World Wide problem i Brasil
OPPLAG: World Pearl har operert i spotmarknaden i Nordsjøen, men skal no i opplag. Her ved kai på Mjølstaneset i Herøy laurdag.
Nytt

World Wide-problem i Brasil

To World Wide Supply-skip ligg ved kai i Rio de Janeiro etter at skipa har fått problem med å fornye sertifikata.

29.08.2015
Dette opplyser det Ulstein-baserte offshoreselskapet i rapporten for andre kvartal.
Selskapet har hatt dei fire PSV-ane World Peridot, World Sapphire, World Opal og World Emerald på ein fireårig fast kontrakt for det brasilianske statsoljeselskapet Petrobras. Den faste delen av kontrakten varer i utgangspunktet til juni 2018 og har ein totalverdi på 160 millionar USD, tilsvarande 1,3 milliardar norske kroner.
World Wide Supply opplyser at kontrakten med Petrobras pågår, men at to av skipa har fått problem med å fornye sertifikata CAA (Certication of Charter Authorization) og AIT (Registration Certificate of temporary foreign vessels).
Utan desse sertifikata kan ikkje båtane operere på brasiliansk sokkel under utanlandsk flagg, og desse sertifikata skal fornyast årleg.
Brasiliansk lov opnar for at brasilianske flagga fartøy som ikkje har arbeid og som har same spsesifikasjonar som utanlandske fartøy, kan blokkere dei utanlandske fartøya. Desse rettane er vanlegvis utøvd medan sertifikata skal fornyast.

Håper på løysing i september

World Wide Supply opplyser at denne situasjonen kan føre til at Petrobras kansellerer kontrakten, men at Petrobras historisk sett har løyst tilsvarande situasjonar ved å skaffe arbeid til dei brasilianske fartøya.
Ifølgje ligg no Opal, Pearl og Peridot ved kai i Rio de Janeiro, medan World Emerald er i arbeid på brasiliansk sokkel.
World Wide Supply opplyser at ein reknar med at den uavklara situasjonen vert løyst i løpet av september ved at blokaden vert oppheva og sertifikata fornya.

To i opplag

Totalt har selskapet seks identiske PSV-ar som vart leverte frå det rumenske Damen-verftet hausten 2013. Dei to siste PSV-ane, World Diamond og World Pearl, har operert i spotmarknaden i Nordsjøen, men vil verte lagde i opplag.
Inntektsstraumen frå Brasil-kontrakten skulle i utgangspunktet dekkje opplagskostnadene for dei to øvrige skipa, men selskapet opplyser at det no vert arbeidd med ulike strategiske alternativ.
Selskapet hadde inntekter på 8,7 millionar USD i andre kvartal (72,5 millionar kroner) mot 9,8 millionar USD i same periode i fjor (81,0 millionar kroner).
Driftsresultatet vart positivt med 1,7 millionar USD (14 millionar kroner) mot 2,8 millionar USD i same periode i fjor.

Valutatap

Etter avskrivingar og finanskostnader vart resultatet før skatt negativt med 9,0 millionar kroner USD, tilsvarande 74 millionar norske kroner. I same periode i fjor var resultatet før skatt positivt med 1,0 millionar USD.
Ein stor del av skilnaden kan tilskrivast eit urealiserte valutatap på 6,3 millionar USD i år, mot ein gevinst på 3 millionar USD i same periode i fjor.

Minus 143 millionar kroner

På halvårsbasis er resultatet før skatt negativt med 17,3 millionar USD, tilsvarande 143 millionar kroner.
Styret skriv i rapporten at ein forventar ein krevjande marknad resten av 2015 og i 2016.
På den positive sida vert det rapportert at dei fire PSV-ane i arbeid for Petrobras har fungert svært godt.
Selskapet hadde i slutten av siste kvartal ein arbeidskapital på 14,5 millionar USD, tilsvarande 120 millionar kroner.

Obligasjonsforfall i 2017

Gjelda er på 150 millionar USD dollar (1,2 milliardar kroner) knytt til eit avdragsfritt obligasjonslån som forfell til betaling i si heilheit i mai 2017. Rentesatsen på lånet er på 7,7 %.
Selskapet har 188 tilsette, der 184 er seglande.
Største aksjonær er J. O. Odfjell med 14,6 % føre Lundhs Labradorieeksport med 11,12 %.
Andre større aksjonærar er Nordvestor Aktiv, Sydvestor, Frydenbø Invest, Hareid Elektriske og Gjerde Invest.

Publisert: 29.08.2015 11:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46