Ålesund-reiarlag med nye kontraktar
Investorane på børsen likte at Golden Energy-skip fekk meir arbeid.
Golden Energy Offshore Services har sikra jobb for fleirfunksjonsskipet Energy Duchess til midten av sommaren, ifølgje ei børsmelding fredag.
Det dreiar seg om eit kortare oppdrag på kring to veker og deretter eit oppdrag som varer fram til midten av juli.
Skipet skal først i arbeid med å bringe arbeidarar og utstyr til offshoreinstallasjonar på britisk sektor. Etterpå skal skipet over i norsk sektor på eit oppdrag på 50 dagar pluss opsjonar.
Alle skipa i arbeid
Reiarlaget er dermed sikra full utnytting av Energy Duchess til ratar på eit attraktivt nivå ut andre kvartal, skriv selskapet i meldinga.
Dei andre to skipa Energy Swan og Energy Empress, er også på faste oppdrag til starten av mai. Då er førstnemnte skip ferdig med sitt noverande oppdrag.
Les også
Oppgang på børsen
Aksjekursen til Golden Energy Offshore var opp fem prosent til 1,15 kroner ein time etter opning på Oslo børs.
Etter at kursen nærma seg to kroner i vinter, har pila peika nedover sidan 20. februar og var nede i 1,10 kroner onsdag denne veka. Det var lågaste kurs sidan i fjor vår.
Publisert: 17.03.2023 09:53
Sist oppdatert: 17.03.2023 10:29