Børsdagen: Kursras etter lånemelding
Reiarlag må ha driftskapital grunna tap etter skipskollisjon. Berre eitt selskap i pluss på raud dag.
Aksjekursen til reiarlaget Golden Energy Offshore Services raste nedover måndag etter at børsen opna. Fallet kom etter at Ålesund-selskapet i helga melde at dei låner driftskapital på 4,2 millionar dollar.
Ved 13-tida var aksjen ned 12,86 prosent til 1,22 kroner aksjen. Det er lågaste kurs sidan årsskiftet 2021/2022 for aksjen.
Ved slutten av dagen hadde aksjen henta seg litt inn, og enda på 1,25 kroner og ein nedgang på 10,71 prosent.
Kraftig fall i oljeprisen
Hovudindeksen på Oslo børs peika også ned frå start og fall kraftig utover dagen.
På slutten av dagen var indeksen ned 2,59 prosent. Berre eit av selskapa frå Nordvestlandet enda dagen i pluss (sjå børstabell under). Havila Kystruten-aksjen steig med 4,08 prosent til 10,20 kroner.
Oljeprisen fell kraftig parallelt med børsfallet. Frå midnatt til 13-tida måndag hadde prisen på nordsjøolje falle med fem prosent.
Bakgrunnen for at Golden Energy-reiarlaget har behov for pengar, er at selskapet tapte inntekter etter at skipet Energy Duchess var utsett for eit samanstøyt medan skipet låg fortøya i skotske Aberdeen.
NETT NO har tidlegare omtala at skaden etter samanstøyten medførte 24 dagar på verkstad for å utbetre kostnader til kring 2,3 millionar kroner.
Reiarlaget opplyste i helgas melding at pengane dei får i samband med forsikringskravet vil nyttast til å betale tilbake 75 prosent av arbeidskapitalen dei no lånar.
Les også
Flåteutnytting på nær 85 prosent
I same melding kjem Golden Energy-reiarlaget med ei oppdatering for verksemda for februar.
Dei tre PSV-ane i flåten har vore i arbeid nær 85 prosent av tida. Den lågare utnyttinga samanlikna med månaden før, har å gjere med at Energy Swan måtte i tørrdokk grunna eit krisetilfelle.
Energy Empress har vore i fullt arbeid, medan reiarlaget har hatt god utnytting på Energy Duchess, ifølgje meldinga.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag | |
Havila Kystruten | 10,2 | 4,08 % | |
Nortel | 26,2 | 0,00 % | |
Statt Torsk | 1,2 | 0,00 % | |
Endúr | 42,615 | -0,20 % | |
Hofseth Biocare | 2,99 | -0,33 % | |
Norva24 Group * | 30,16 | -1,83 % | |
Salmon Evolution | 7,87 | -2,24 % | |
Hexagon Purus | 26,94 | -2,39 % | |
Sparebanken Møre | 83,31 | -3,52 % | |
Havila Shipping | 15,9 | -4,56 % | | |
Arctic Bioscience | 10,45 | -5,00 % | |
Atlantic Sapphire | 6,73 | -5,01 % | |
Hexagon Composites | 35,74 | -7,07 % | |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 3,46 | -9,54 % | |
Hav Group | 11,06 | -10,66 % | |
Golden Energy Offshore Services | 1,25 | -10,71 % | |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen. |
Publisert: 13.03.2023 13:11
Sist oppdatert: 13.03.2023 17:03