Statnett
ENORME PRISDIFFERANSAR: Elspotprisen rundt klokka 08 torsdag. Skjermdump frå Statnett
Nytt

Årets største prisdifferanse

Medan straumkundar i nordvest nesten har gratis straum, er situasjonen ein heilt annan i Sørvest-Norge.

30.06.2022

Rundt klokka 08 torsdag er epslpotprisen for straumkundar i Nord-Norge og Nordvestlandet 4,02 øre for ein kilowatt-time med elektrisk straum, viser tal frå Statnett. I tillegg til denne prisen kjem avgifter og nettleige.

På same tid er straumprisen i Aust-Norge og store deler av Vestlandet på 170,05 øre kWh.

Men kjem ein lenger sør til Sør-Vestlandet og til Sørlandet er prisen heile 367,86 øre kWh, altså ein prisdifferanse på 3 kroner og 63 øre. Dette er den største prisdifferansen som er registrert i år.

Dyrt i Europa
Med nettleige og avgifter vert dermed prisen over fire kroner kilowatt-timen torsdag.

I Danmark, Sør-Sverige og Baltikum er spotprisen endå høgare, og ligg torsdag morgon på 3 kroner og 79 øre kilowatt-timen.

Blant årsakene til dei høge prisane er lav vass-stand i magasina i sørvest og dyr straum i Europa, påpeikar kraftanalytikar Ole Tom Djupskås i Refinitiv. Det går fleire kraftkablar til Europa fra Sørvest-Norge.

Stor nettoeeksport
Tal frå sist veke viser at flaskehalsar i nettet gav lågare kraftpris i Søraust- og Vest-Norge enn i Sørvest-Norge.

I Sør-Norge var det ein nettoeksport i 162 av 168 timar førre veke. Dei høge prisane på kontinentet bidrog til auka norsk vasskraftproduksjon og den nest høgaste nettoeksporten over ei veke frå sørlege Norge så langt i år.

Vedlikehald i nord
I Midt- og Nord-Norge gjekk vekeprisen ned med 20 prosent til 8 øre/kWh. Dette kjem av fleire faktorar, mellom anna at fyllingsgrada i vassmagasina i desse områda ligg over medianen – og at det kom mykje snø i desse områda denne vinteren.

– Høge temperaturar i nord førte til mykje snøsmelting på kort tid, ifølgje NVE.

Det er også reduserte eksportmoglegheiter ut av Nord-Norge på grunn av planlagt vedlikehald, noko som bidreg til lågare kraftpris.

Auka fyllingsgrad
Ved utgangen av førre veke var fyllingsgrada i norske magasin 53 prosent. Til samanlikning er medianverdien på tilsvarande tidspunkt 63,7 prosent for åra 2002–2021.

Gjennom veka magasinfyllinga auka med 4,5 prosentpoeng. Høgast magasinfylling hadde Midt-Noreg på 70,9 prosent, medan Sørvest-Noreg hadde lågast fylling på 43,2 prosent.

Publisert: 30.06.2022 08:23

Sist oppdatert: 30.06.2022 08:29

Mer om