Zakariasdammen innfelt kjetil lund foto Tafjord 11
TAFJORD: NVE-direktør Kjetil Lund meiner fleire vassdragsutbyggingar er veldig fine. Her Zakariasdammen i Tafjord. Illustrasjonsfoto: Kjetil Haanes
Nytt

- Enkelte vassdragsutbyggingar er veldig fine

Det seier NVE-direktør Kjetil Lund, som meiner at det er lite å hente ved utbygging av verna vassdrag.

25.01.2022

Utan at ein tek for seg av indrefileten av norsk natur, meiner Kjetil Lund, vassdrags- og energidirektør i NVE, at det er lite å hente ved å byggje ut dagens verna vassdrag.

Dette sa Lund under eit webmøte om norsk energipolitikk i regi av Polyteknisk Forening tysdag.

Fleire politikarar har opna opp for å ta i bruk verna vassdrag for å få redusert dei høge straumprisane i Sør-Norge.

Dette hadde Lund lita tru på.

- Noko potensial finst det, men i debatten om dei store kraftmengdene er det lite å hente om ein ikkje skal gå inn i indrefileten av norsk natur.

- Mykje å vere stolte over
Lund meinte samstundes at utbyggarane av norsk vasskraft siste tiåra har tatt stort omsyn til naturen.

- Enkelte vasskrfatsutbyggingar er veldig fine, til og med, der det er tatt veldig omsyn til naturen.

- Vi har mykje å vere stolte over, spesielt siste åra, men det er klart at eikvar utbygging påvirkar naturalutgåva av naturen.

Statkraft-direktør Christian Rynning-Tønnesen sa at Statkraft har ingen planar om å byggje ut verna vassdrag.

- Vi ønsker heller ikkje å vere ein politisk aktør rundt det spørsmålet.

Han var samd med Lund i at utbygging av verna vassdrag ikkje løyser det store energibehovet.

- Eit viktigare spørsmål er korleis vi regulerer Nordsjøen og korleis vi får konsesjonssystema for vindkraft i gang igjen.

- Må koplast til Europa
Rynning-Tønnesen meinte at Norge måtte tenke stort.

- Ein må ta tenke på same måte som då vi fann gass i Nordsjøen.

- Kraftkablane må gå mellom felta og marknaden i Europa. Vi må gjere det på ein slik måte at vi får nok kraft i Norge, samstundes som vi er kopla opp mot resten av Europa.

Statnett-direktør Hilde Tonne var samd i at det er i havet det store potensialet ligg.

- Om vi ikkje skal ha ei massiv vindkraftutbygging på land, må vi gjere det i havet.

- Og i havet er vi godt posisjonerte.

Vindressursane på norsk sektor åleine er høgare enn heile Europas mål for havvind innan 2050
Christian Rynning-Tønnesen

Fleire interesser
Kjetil Lund minte om at det også ved utbygging av havvind måtte ein ta omsyn til naturressursane, ikkje minst til fiskeriinteressene.

Han viste også til at det hittil ikkje har vore lønsamt med havvind utan subsidiar.

- Det er ikkje opplagt for meg at det er ein god idé å subsidiere kraftproduksjon til havs.

Til det sa Rynning-Tønnesen at utbygging av havvind i den sørlege delen av Nordsjøen allereie var lønsamt utan subsidiar, gitt at ein hadde god tilgang til marknaden.

- Vindressursane på norsk sektor åleine er høgare enn heile Europas mål for havvind innan 2050. Det er eit enormt potensiale, sa Statkraft-direktøren.

Publisert: 25.01.2022 16:01

Sist oppdatert: 25.01.2022 16:03

Mer om