Kart eksport innfelt foto kjetil 11
STATNETT: Konsernsjef Hilde Tonne (innfelt oppe) i Statnett vil ha betre linjenett til Sør-Norge, noko som fører til jamnare straumpris i heile landet. Tysdag er det 12 gangar høgare elspotpris sør i landet enn på Nordvestlandet og i Nord-Norge. Christian Rynning-Tønnesen (innfelt nede) i Statkraft vil ha storsatsing på havvind. Foto: Skjermdump frå webinar
Nytt

Vil ha slutt på dei store skilnadene i straumprisen

Det kan vere dårleg nytt for forbrukarane på Nordvestlandet.

25.01.2022

Nord-Norge og Midt-Norge nord for Sognefjorden har siste året fungert som ei øy med svært lave kraftprisar samanlikna med resten av Norge og Europa.

Siste dagane har prisskilnaden i spotpris vore på rundt tigangaren. Største prisskilnaden NETT NO har registrert kom natt til 11. november i fjor. Då var elspotprisen på Nordvestlandet 2,92 øre kWh. I Sør- og Aust-Norge var elspotprisen 89,81 øre kWh, med andre ord 30 gangar høgare.

Tysdag formiddag er elspotprisen på Nordvestlandet på 15,36 øre, medan spotprisen lenger sør er på 183,48 øre kWh.

Det er dermed snakk om ei tolvdobling.

Vil ha prisutjamning
Men no opplyser Statnett at det vert jobba med å få til ei betre straumforsyning mellom Sør-Norge og resten av landet.

- Vi skal styrke sør-nord-forbindelsen. Dermed vil vi få ei betre utjamning av straumprisane i Norge.

Det sa konsernsjef Hilde Tonne i Statnett under eit webmøte i regi av Polyteknisk Forening tysdag.

Ho sa at ein av grunnane til dei store prisskilnadene i Norge skuldast dårleg overføringskapasitet mellom landsdelane, slik at straumen ikkje kom fram der behova var størst.

Men Tonne stadfesta også at ei slik utbygging vil føre til høgare straumprisar der prisane i dag er lave.

- Ja, vi vil få eit jamnare norsk prisbilde.

Hugs at dette er også importkablar, ikkje berre eksportkablar
Hilde Tonne

- Perfekt storm
Tonne avviste at årsaka til dei høge norske straumprisane skuldast utanlandskablane, og viste til at Norge har hatt utveksling mot resten av Europa i 30-40 år.

- Hugs at dette er også importkablar, ikkje berre eksportkablar.

- Effekten er blant anna at vi har spart masse pengar i utbyggingar vi elles måtta ha gjort, inkludert å ta i bruk natur.

Tonne sa at det er heilt andre forhold enn utanlandskablane som er årsaka til dei historisk høge kraftprisane i Europa og deler av Norge.

- Dei har litt å seie i det korte bildet, men saka er at vi har ein perfekt storm, der dei høge gassprisane tel mest.

Norge tener stort på gass
Christian Rynning-Tønnesen, konsernsjef i Statkraft, viste til at det hadde vore enorme svingningar på kort tid.

- I 2020 hadde vi dei lavaste energiprisane i moderne tid på grunn av pandemien. Så opna verda opp igjen, og i 2021 fekk vi den største auken i energiforbruket på eitt år sidan den andre verdskrigen.

Han meinte at det kalde forholdet mellom Europa og Russland også spela inn med lavare gassleveransar frå Russland. Men dette har også gitt pengar i den norske statskassa.

- I desember i fjor tente Norge 3 milliardar per dag på gasseksporten.

- Dette fjernar ikkje problemet med energiprisane for folk flest, men bidreg til ein styrka statsøkonomi som blant anna kan gjere at ein kan innføre tiltak for å hjelpe forbrukarar som har høge kraftrekningar.

I desember i fjor tente Norge 3 milliardar per dag på gasseksporten
Christian Rynning-Tønnesen

Vil ha gigantisk havvindsatsing
Rynning-Tønnesen sa at hovedutfordringa ikkje er mangel på kraft, men at prisane er altfor høge.

- Dette kan vere vanskeleg å forstå, på same måten som det er vanskeleg å forstå kvifor oljeprisen periodevis kan vere over 100 dollar fatet når det kostar berre vel 20 dollar å produsere eit fat olje i Nordsjøen.

- Heile Europa har ei kraftkrise, og dette skuldast først og femst at høge gassprisar. Det er gassprisen som no set prisen i kraftmarknaden.

Han meinte at Norge burde setje i verk ei massiv satsing på havvind.

- Det er der det store potensialet ligg. Kombinasjonen av eit sterkare vasskraftsystem og ein gigantisk kraftproduksjon til havs, pluss litt på land, er ei svært god løysing.

Publisert: 25.01.2022 10:24

Sist oppdatert: 25.01.2022 13:05

Mer om