Før jul auka Kavli staben med ein, og i første halvår i år snappa han opp ein erfaren forsikringsmedarbeidar. To nye utgjer litt i ein bank som no har i overkant av 17 årsverk.
Bemanningsauken er eit direkte svar på ein tøffare konkurranse om kundane, skriv banken i reknskapsrapporten pr. 1. halvår. Bankens erfaring er at kundane etterspør rådgiving i tillegg til digitale banktenester.
Tap på utlån og garantiar er redusert samanlikna med første halvår i fjor, lånelysta hos bustadskjøparar har auka og banken ser framleis ingen teikn til at oljeprisfallet og auka arbeidsløyse har hatt negativ effekt på misleghaldet av lån.
Bemanningsauken er eit direkte svar på ein tøffare konkurranse om kundane, skriv banken i reknskapsrapporten pr. 1. halvår. Bankens erfaring er at kundane etterspør rådgiving i tillegg til digitale banktenester.
Merkar ikkje oljeprisfall
Banken aukar lønsemda i første halvår, mellom anna takka vere ein auke i rentenettoen (skilnaden på rentekostnadar på innskot og renteinntekter på utlån, red. merk).Tap på utlån og garantiar er redusert samanlikna med første halvår i fjor, lånelysta hos bustadskjøparar har auka og banken ser framleis ingen teikn til at oljeprisfallet og auka arbeidsløyse har hatt negativ effekt på misleghaldet av lån.
Publisert: 18.08.2016 22:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59