- Det er fleire prosjekt på gang når det gjeld sykkelvegar, så difor er det viktig for oss å få kontrakten, som leiande i Norge på dette området.
Det seier salsansvarleg Oddvar Myklebust til NETT NO etter at selskapet har sikra seg kontrakt på prestisjeprosjektet E39 Sykkelvegen mellom Stavanger og Sandnes.
- Førebuing til produksjonen startar omgåande, og første del skal monterast frå januar og utover, seier Myklebust.
Kontrakten er på rundt 2.800 meter rekkverk i 1. byggesteg og har ein verdi på cirka 10 millionar kroner, men kan i løpet av tre år verte utvida til 8.500 meter rekkverk og ein samla verdi på 30 millionar kroner.
- Dette er ein kontrakt der vi i løpet av det siste halve året har utvikla og forhandla om ein ny type rekkverk, som i første omgang skal brukast i prosjektet, seier Myklebust.
Det er Statens vegvesen som står bak prosjektet E39 Sykkelstamvegen mellom Stavanger og Sandnes.
- Kontrakten er inngått etter prinsippet med forhandlingar, og gir oss ei stadfesting på at vi er langt framme når det gjeld produktutvikling og kvalitet i leveransane, seier Myklebust, i ei pressemelding.
- I staden for å teikne eit rekkverk og få nokon til å produsere det, valde vi å invitere leverandørar til å utvikle det for oss basert på våre skisser til utforming.
- Det har vore ein veldig god prosess der vi har fått dra nytte av kompetansen til leverandørane, seier Turøy og viser til at Vik Ørsta-rekkverket er greit å montere, og som også vil sjå fint ut etter mange år langs vegen.
Vik Ørsta opplyser at avtalen gir arbeid til produksjonsanlegga i Ørsta og anlegget i Vik i Sogn.
Det seier salsansvarleg Oddvar Myklebust til NETT NO etter at selskapet har sikra seg kontrakt på prestisjeprosjektet E39 Sykkelvegen mellom Stavanger og Sandnes.
- Førebuing til produksjonen startar omgåande, og første del skal monterast frå januar og utover, seier Myklebust.
Kontrakten er på rundt 2.800 meter rekkverk i 1. byggesteg og har ein verdi på cirka 10 millionar kroner, men kan i løpet av tre år verte utvida til 8.500 meter rekkverk og ein samla verdi på 30 millionar kroner.
- Dette er ein kontrakt der vi i løpet av det siste halve året har utvikla og forhandla om ein ny type rekkverk, som i første omgang skal brukast i prosjektet, seier Myklebust.
Forhandlingar
Han opplyser at den nye rekkverkstypen seinare kan brukast i nye prosjekt.Det er Statens vegvesen som står bak prosjektet E39 Sykkelstamvegen mellom Stavanger og Sandnes.
- Kontrakten er inngått etter prinsippet med forhandlingar, og gir oss ei stadfesting på at vi er langt framme når det gjeld produktutvikling og kvalitet i leveransane, seier Myklebust, i ei pressemelding.
- Godt nøgd
Kari Smådal Turøy, prosjektleiar for bygging av Sykkelstamvegen i Statens vegvesen, seier i pressemeldinga seg godt nøgd med resultatet av konkurransen.- I staden for å teikne eit rekkverk og få nokon til å produsere det, valde vi å invitere leverandørar til å utvikle det for oss basert på våre skisser til utforming.
- Det har vore ein veldig god prosess der vi har fått dra nytte av kompetansen til leverandørane, seier Turøy og viser til at Vik Ørsta-rekkverket er greit å montere, og som også vil sjå fint ut etter mange år langs vegen.
Vik Ørsta opplyser at avtalen gir arbeid til produksjonsanlegga i Ørsta og anlegget i Vik i Sogn.
Publisert: 28.08.2018 10:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25