Birgit Oline gir ikkje opp 32d54dee98d9214bae8e2fa30768ddaf
SVARAR BJØRLO: Stortingsrepresentant for Møre og Romsdal, Birgit Oline Kjerstad (SV).
Synspunkt

Bjørlo på bærtur i budsjettdebatten

SV er pådrivar for ein rekke tiltak som hjelper næringslivet, skriv Birgit Oline Kjerstad (SV) i eit svar til Alfred Bjørlo (V) sin skattekritikk.

Venstre v/ Alfred Bjørlo går til frontalangrep på SVs alternative budsjett i eit innlegg i Nett.no og ei rekke aviser. Han bruker ord som katastrofe når han omtaler vår omfordelande skattepolitikk.

Det han imidlertid ikkje snakkar om er korleis SV er ein pådriver for å føre ein næringspolitikk som gjer det mogleg for industrien å omstille seg for å nå mål om utsleppskutt og oppretthalde arbeidsplasser.

I revidert fekk vi igjennom ein pakke på 15 mrd. til nye grøne statlige virkemidler. Denne satsinga vil vi styrke ytterlegare. Vi vil gi investeringsfondet Nysnø større handlingsrom til å gi industrien finansiell drahjelp i prosjekt som reduserer klimagassutslepp og utvikler framtida sine nye berekraftige løysingar. Løysinger som både maritim industri og andre verksemder i tilknytning til Nord- Vestlandet kan få nytte av. Vi vil gi SIVA eit enno tydlegare mandat for å støtte opp om berekrafitg omstilling og klimakutt.

SV foreslår å styrke Eksportfinans med 10 mrd. og Nysnø med 20 mrd. Vi foreslår biomarin satsing på 50 mill. og 30 mill. til ei støtteordning for miljøsertifisering i små og mellomstore verksemder, slik at dei kan henge med i konkurransen etter kvart som det blir stilt strengare krav til dokumentasjon av berekraft.

I tillegg har vi avsett 500 millionar til enøktiltak i bygg. Vi går også inn for å halvere satsen på den ekstraordinære arbeidsgiveravgifta for lønninger over 850 000 kr.

SV vil at staten skal vere med å avlaste risiko ved klimaomstilling og gjere det mogleg for norsk næringsliv å utvikle løysingane og arbeidsplassane for framtida. Som eit ledd i omstillinga vil vi også styrke satsinga på grøne utdanningsløp med 100 studieplasser, stipendordninger og rentestøtte, og vi har avsett 250 mill. til langsiktig tverrsektoriell grøn forskning gjennom Forskningsrådet.

For å greie den grøne omstillinga er verksemdene også avhengig av forskning og innovasjon. SV er difor svært kritiske til regjeringa si fjerninga av Regionale Forskningsfond.

Gode kvardagsvegar er noko som også er viktig for næringslivet. SV prioriterer å bruke meir midler på å vedlikehalde og rassikre fylkesvegane, i staden for svindyre prestisjeprosjekt med overdimensjonerte motorvegar som Møreaksen.

Kjenner eg det innovative industrimiljøet på Nord Vestlandet rett, så vil verksemdene i samarbeid med fag og utdanningsmiljøa ved NTNU i Ålesund, Molde og Kristiansund kunne få god nytte av den grøne satsinga i vårt alternative budsjett. Er der hindringer skapt av innretningane er vi gjerne med å drøfte løysinger på det.

Av Birgit Oline Kjerstad (SV) stortingsrepresentant for Møre og Romsdal

Publisert: 20.11.2023 08:45

Sist oppdatert: 20.11.2023 09:55