Ein foelgjetong fraa kysten
SKIPSTUNNEL: Knut Arne Høyvik frå Ulstein har lang fartstid som skipper og organisasjonsmann i fiskarlaget. No slår han eit slag for Stad skipstunnel, og åtvarar mot måten reknemeistrane reknar ut samfunnsnytte på.
Synspunkt

Ein følgjetong frå kysten

Det er nokre fjernsynsseriar som berre går og går; «Derrick» og «Hotel Cæsar» for å nemne to. Men ein anna følgjetong har gått jamt og trutt i årevis, nemleg soga om Stad Skipstunnel.

01.03.2016
Kva episode me er komne til er eg usikker på, men det er gjort om lag 19 utgreiingar og me er nærare målet enn nokon gong. Det er knapt nokon som torer å summere kostnadane ved alle desse utgreiingane, men eg har ein mistanke om at beløpet er stort.
Eg er optimist og var heilt sikker på at me nærma oss siste episode i denne føljetongen. Ei episode med «happy ending», smell frå blank dynamitt og rulletekst.
Kystverket fortener ros, dei løftar fram prosjektet i framlegget til Nasjonal Transportplan 2018-29. Dei har starta, og alt ser tilsynelatande harmonisk ut. Det er løyvt 2,3 milliardar kroner.
Men det er ofte i siste episode det skjer noko uventa i alle føljetongar. Denne gongen er det reknemeistrane til staten som har pussa kalkulatorane sine og vil rekne på nytt. Det er på grensa til å vere humoristisk og bør kanskje setjast opp på ei revyscene nær oss. Det er nye krav til lønsemd og tunnelen løner seg ikkje for staten, har reknemeistrane funne ut. Den samfunnsøkonomiske netto-nytta av tunnelen er berekna til minus 960 millionar kroner heiter det i framlegget til NTP.
Fungerande kystdirektør, Arve Dimmen, seier til Sunnmørsposten at dei nye krava til lønsemd har gjort arbeidet tyngre med å få realisert skipstunnelen. Skal tunnelen realiserast, må løyvingane aukast til høg ramme, seier Dimmen til avisa.
Det er visst ikkje så sannsynleg, seier dei lærde. Eg har ved fleire høve prøvd å sette meg inn i slike kost/nytte analyser, men min matematiske kunnskap strekk ikkje til. Men i korte trekk skal reknemeistrane finne ut om staten får avkastning på pengane sine ved samfunnsinvesteringar.
Sentralt i reknetykket er det dei kallar kalkulasjonsrenta som har variert og varierer alt etter kor stor risiko det er i prosjektet. Ein kan få det svaret ein ynskjer og slike analyser kan til ei viss grad samanliknast med å selje strekkband i metervis.
Eiksundtunnelen var også eit tapsprosjekt, i følgje reknemeistrane, og dei kom fram til at staten ville tape 40 øre for kvar investert krone. I dag har me fasiten og reknemeistrane strauk til eksamen.
Alternativet til samfunnsinvesteringar i Norge er finansinvesteringar i utlandet. Spissformulert og forenkla kan ein seie at det står mellom Stad Skipstunnel og ei handlegate i London.
Staten er den råaste kapitalisten av alle, men har hatt berre litt over 3 prosent realavkastning på oljefondet sidan me starta å investere i utlandet. Men staten krev større avkastning på samfunnsinvesteringar heime enn på finansinvesteringar i utlandet. Slik skal landet byggast.
Argumenta for skipstunnelen er velbrukte og eg skal ikkje skrive ei ny episode i føljetongen om korleis det kjennest å passere denne halvøya når himmel og hav går i eitt. Det er likevel viktig å minne om at dette prosjektet passar som hand i hanske til nokre målsetjingar som det er tverrpolitisk semje om. Nemleg meir gods frå veg til sjø, og det grøne skiftet.
Det å sluse skipstrafikken inn i fjordsystemet skjerma for storhavet opnar nye moglegheiter for frakt av varer og personar.
Kysten har nokre flaskehalsar uansett, Hustadvika, Frohavet og Vestfjorden for å nemne nokre. Det kan me ikkje gjere noko med. Ved Stad kan me eliminere flaskehalsen relativt enkelt. Men eit nytt skjær har tydeligvis dukka opp i skipsleia og ein må lure på om nokon held ap med oss.
Det må gå an å ha nokre visjonar ut over matematisk leik med tal. No skal dette handsamast politisk og eg har faktisk tru på at eit fleirtal på Stortinget syter for at tunnelen blir realisert.
Me ventar likevel spent på neste episode.
Alternativet til samfunnsinvesteringar i Norge er finansinvesteringar i utlandet. Spissformulert og forenkla kan ein seie at det står mellom Stad Skipstunnel og ei handlegate i London.

Publisert: 01.03.2016 08:01

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41