Fredric Holen Bjordal
Fredric Bjørdal er tidlegare stortingsrepesentant (Ap), er fylkestingsrepresentant og arbeider som advokat.
Synspunkt

Ein helsepolitisk skandale – kva no?

Regjeringa bør kompensere Helse Møre og Romsdal for kostnadane eigarane i Trøndelag har påført oss med Helseplattformen, skriv Fredric Bjørdal.

30.10.2024

Ordet forvaltningsrevisjon er normalt ikkje eigna til å auke kvilepulsen over Grøtta Grav-nivå. Dette er ein lovpålagd del av offentleg styring, men kontrollarbeid er såpass omstendeleg og komplisert at det er sjeldan vi som driv med dette når overskriftene i avisene. 

Når det først skjer, slik som med revisjonen av Helseplattformen denne veka, er det gjerne når ting har gått gale. Og det har det verkeleg i denne saka. 

Riksrevisjonen har levert ein rapport på over 400 sider som på tørt stammespråk konkluderer med at saka er "sterkt kritikkverdig". 

I meir folkelege vendingar kan vi slå fast at Helseplattformen er ein gedigen skandale. Vi står no tilbake med tre sentrale spørsmål: Korleis kunne dette skje? Kvifor var det ingen som lytta? Og kva gjer vi no?

Enkelt forklart handlar kontroll og revisjon om å kontrollere kommunar, fylkeskommunar og staten sine prosjekt, tenester og drift. Kontrolløren/revisoren vil gjerne undersøke om pengane blir brukt rett, om politiske vedtak blir følgde og om ein får dei forventa og ønskte resultata. 

Vanlegvis er det berre pirk og små forbetringsområde ein kjem fram til. For Helseplattformen sin del er kritikklista langt som eit vondt år, og her gjekk det gale lenge før systemet vart teke i bruk.

Det har ikkje akkurat mangla på kritiske røyster mot systemleverandøren Epic, verken frå USA, Danmark eller Finland. Likevel har prosessen fram mot implementeringa av Helseplattformen framstått som eit godstog utan bremser. 

Anskaffingsprosessen synest å ha vore designa for at dette systemet skulle vinne, men utan skikkelege risikovurderingar, tilstrekkeleg kompetanse, styring eller kritisk blikk frå Helse Midt-Noreg. 

Heller ikkje Helse- og omsorgsdepartementet har forsøkt å bremse dette, men latt det regionale helseføretaket ta ein enorm risiko både med omsyn til økonomi og pasienttryggleiken ved å vere prøveklut for dette systemet i Noreg. 

Det har vist seg å vere ein dårleg idé når helseføretaket ikkje har forstått kompleksiteten i systemet, men truleg latt seg blende av dei store ambisjonane og lovnadane dei har fått presentert frå USA. 

Svaret på det første spørsmålet, korleis kunne dette skje, ligg nok her.

Det andre spørsmålet, kvifor ingen har lytta, finst det ikkje eit rasjonelt svar på.

Leiarar, både politiske og administrative, har ein tendens til å møte motstemmer og kritikk med at "dette går seg nok til". Og stundom kan det vere rett, nødvendig omstilling og reform er ofte upopulært i starten. Men i denne saka har omfanget av kritikk og åtvaringar vore av eit kaliber eg aldri før har sett. Og implementeringa av Helseplattformen har vore eit stort raudt flagg heile vegen, fordi knapt noko har gått etter planen, samtidig som kostnadane har galoppert. 

I staden for å snakke om at "tannkremen er ute av tuben", burde det ha vore vaksne heime som forstod at i denne saka er det noko meir enn ibuande motvilje mot endring som gjer at folk protesterer.

Det tredje spørsmålet, kva gjer vi no, er det viktigaste. Rapporten frå Riksrevisjonen skal no til Stortinget, og kontroll- og konstitusjonskomiteen bør ikkje vere nådig. 

Fleire statsrådar, frå både noverande og tidlegare regjering, må dele på ansvaret for ikkje å ha følgt godt nok opp ei udugeleg helseføretaksleiing. Og rapporten frå Riksrevisjonen må lesast nøye for å lære og unngå ei liknande skandale i framtida. 

Ein skulle trudd at offentleg sektor hadde lært av IT-skandalen i NAV som førte til at direktøren måtte gå på dagen. Vi får håpe at det er denne nye øyrefiken frå Riksrevisjonen som skal til for at bodskapen går inn.

Helse Møre og Romsdal har fått Helseplattformen tredd nedover hovudet på seg, og utfordringane her løyser seg ikkje med botsgang i Stortinget. Realiteten her lokalt er uro for pasienttryggleiken, vanskar med å rekruttere og behalde tilsette, og ei budsjettkrise mange fryktar skal føre til smertefulle kutt i pasienttilbodet. Det kan ikkje aksepterast. 

Riksrevisjonen tek ikkje stilling til den vidare gjennomføringa av Helseplattformen eller om prosjektet bør halde fram. 

Den ballen bør regjeringa plukke opp snarast råd, og gjere to ting: 
Kompensere Helse Møre og Romsdal for kostnadane eigarane i Trøndelag har påført oss. 
Og sporenstreks gjere ei vurdering av kostnadane – for økonomi og helsetilbodet – ved å skrote Helseplattformen framfor å halde fram med eit system som vil ri helsevesenet som ei mare i årevis framover, og kanskje aldri fungere etter hensikta.

Innlegget har tidlegare stått på trykk i Sunnmørsposten

Publisert: 30.10.2024 12:55

Sist oppdatert: 30.10.2024 13:12

Mer om