Eit omsetningssystem for kjoeparkorpset
Synspunkt

Eit omsetningssystem for kjøparkorpset

Salslaga skal vere fiskarane sine salsorganisasjonar, for det beste for fiskarane. Forslaga dei no kjem med til endring i omsetningssystemet for fryst kvitfisk meiner eg derimot vil verte til det verre for fiskarane, og øydelegge marknadsplassen slik vi kjenner den i dag, skriv Lisa Leinebø Pinheiro i salsselskapet PHL Seagold AS og fiskebåtreiarlaget Leinebris.

Salslaga våre har sendt på høyring eit forslag til endringar i omsetningssystemet for fryst kvitfisk, der delvis auksjonsplikt er eit av hovudpunkta. Eg skal ikkje ta diskusjonen om ein er for eller imot auksjon. For det er ikkje det det handlar om. Men eg vil stille spørsmål ved om endringane som blir framsett verkeleg vil vere det beste for fiskerinæringa. Hensikta er nok god. Men konsekvensane det kan få trur eg ikkje salslaga sjølve er klar over.
Norges Råfisklag, Surofi og Vest-Norges Fiskesalslag sikrar ikkje lenger fiskarane sitt beste. Eg forstår at i eit kort perspektiv så kan ein hevde at auksjon gir høgare pris. Skal ein imidlertid sjå på kva som er best på sikt, så må ein sjå på langt fleire mekanismar over tid.


Eg skal ta en korte konklusjonen fyrst: Auksjon er og blir viktig. Og alle bør ha tilgong til fisk. Derfor bør vi strekke oss langt. Men absolutt krav om 50 prosent auksjon per landing vil vere umogleg å handtere. Det vil øydelegge for kombinasjonen auksjon og kontrakt, som er avgjerande for å halde oppe pris i marknaden. Det er også uforståeleg å sjå torsk, sei og hyse under eitt, og særleg hysa som går til eksport. Absolutt krav om meir fryst fisk på auksjon er problematisk. Salslaga bør derfor justere forslaget og lage ei meir fleksibel løysing, slik at vi kan finne ei løysing som kan gagne heile næringa.
Eg har ein båthatt. Og eg har ein eksportørhatt. Det er erfaringane frå mi rolle som eksportør som gjer at eg skriv dette på vegne av fiskerileddet, der eg representerer Leinebris. For eg meiner at forslaga som blir fremma gjer at båt vil tape. Kvifor? Fordi pris vil gå ned. Og ein mister retten til å ta eigne vurderingar av sal av eigen fangst. Eg meiner også at Norge som fiskerinasjon vil bli svekka på sikt. Påstandane frå salslaga er basert på erfaringar frå kjøp og salg mellom båt og kjøper i Norge. Ledda som kjem etterpå; kjøp og salg mellom ein norsk eksportør og produsent i utlandet, og der igjen vidare frå produsent til butikk og forbrukar, er derimot ikkje tatt med i betraktningane. Korleis kan ein begrunne forslag utan at heile verdikjeda er med?

Delvis auksjonsplikt

Det innførast i forslaga krav om at minimum 50% av levert HG-kvantum av torsk, hyse og sei på kvar lossing, skal på auksjon. Det er forståeleg at forslag om meir fisk på auksjon kjem, etter press frå enkelte i næringa og mengda av fryst råstoff, særleg frå store trålreiarlag, i den opne marknaden har gått ned. Ein ting er å forlange meir auksjon i løpet av eit år. Men å gripe inn i kvar landing er uforståeleg og uhandterbart i praksis. Å skulle forhalde seg til ein slik detaljinstruks er umogleg for både båt og kjøper.
Nettopp forklaringa på stabile og høge prisar i Norge er at vi har både kontrakt og auksjon å lene oss på. Og valet meiner eg det er båt sjølv som skal få ta. Ikkje når salslaget krever det. All erfaring tilseier at over tid vil ikkje auksjon gi best pris om vi ikkje også har kontraktane. Når ein blir tvinga til å legge 50 prosent av kvar fangst på auksjon vil det verte vanskeleg å gjennomføre kontraktar på same fangst. Det blir umogleg å gjere avtaler om kjøp og sal av fisk som kjem inn når vi ikkje veit om vi sjølve har fisken. Verken vi eller andre kjøparar vil kunne ha same moglegheita til å bygge opp ei interesse for ei landing blant våre kjøparar ute i verda igjen. Dei er jo ikkje trygge på å fisken uansett, og i morgon kjem ein annan båt på auksjon, og dagen etter ein ny. Så kvifor strekke seg litt ekstra i dag?
Eg har ikkje høyrd om ein annan råvarebransje i verda kor fyrsteleddet er forplikta til å selje varene på auksjon. Ta laksenæringa, som eit eksempel. Ville lakseprisen og verdiskapinga den næringa har skapt ha vore det den er i dag om all laks skulle ha vorte seld gjennom auksjonar? Eg forstår at produsentar her i Norge har større behov for tilgong på fisk. Men det er ikkje vi som båteigarar som skal subsidiere landindustrien.
Eg stiller også spørsmålet ved om tilgongen til råstoff er så dårleg som mange skal ha det til. Sjølv kjøper vi gjennom salsselskapet vårt, PHL SEAGOLD, fleire tusen tonn med tråltorsk, mest på auksjon, til våre kundar kvart år. Dette kjem i tillegg til fleire tusen tonn med linefisk, kjøpt både på kontrakt og auksjon. Så fisken er framleis tilgjengeleg, berre ein betaler prisen for den. Også ved sal av eigen fangst frå Leinebris kombinerer vi kontraktar og auksjon.

Det store kjøparkorpset

Auksjon blir trekt fram som det beste alternativet fordi det gjer det enkelt å nå ut til eit stort kjøparkorps, skriv salslaga. Men er det å nå mange det same som å oppnå best pris? Det hjelper lite å vere mange i korpset om verken han på tromme eller bass speler etter notane.
Blir det for mange aktørar, og spesielt mange mindre aktørar med kort horisont, så vil ein kunne oppleve periodevis stor rift på innkjøpssida. Men samtidig vil kampen om å vinne kundane i marknaden auke. Og er ein for mange aktørar på tilbodssida, så vinn ein kundane berre på pris. Dermed får dei seriøse aktørane og produsentane også auka konkurranse av «døgnflue»-produsentar, som igjen baserer innkjøpet sitt på eit oppkome av traderar, og skvisar marknaden nettopp på pris for å kome inn i varehyllene. I realiteten presser ein dermed marknadsprisen ned.
Dermed går vi frå relasjonsmarknadsføring til transaksjonsmarknadsføring. Skal Norge hevde seg mot konkurrentar som Russland, Færøyane og Island er vi heilt avhengig av at relasjonsmarknadsføring blir nytta for å halde vår posisjon i marknaden som nummer ein på kvalitet og pris. Skal det gå på kvantitet og pris, så taper vi. Det meste av norsk sjøfryst kvitfisk blir seld gjennom forhold til kundar ute i verda som ofte stikk djupare enn pris og etterspørsel. Vi er saman når prisane går opp. Og saman når prisane går ned. Dette blir svekka om ei auksjonsplikt blir innført. Og kva gjer salslaga då? Det er enkelt å selje på auksjon når interessa i marknaden er stor. Men når etterspørselen er lav og landingane store, korleis skal salslaga ta seg av fangsten vår då?
Norge er eit lite land. Og fiskeriverda er ikkje mykje større. Det er lett at 1 tonn fisk blir til 10 tonn når fleire selskap skal tilby same fisk til same kundar der ute. Skal 50% av alle landingar på auksjon til ei kvar tid, vil nettopp volumet fisk Norge kan tilby vekse. På papiret. Og eit auka kjøparkorps gjer at aktørar i utlandet enklare kan sikre seg både fisk og informasjon frå Norge. Og kor seriøse dei aktørane er, har vi lite kontroll på. Vi, og andre såkalla integrerte selskap, har eit ansvar overfor fiskar når vi sel og jobbar ute i marknaden. Vil ein rein trader gjere det same? Hadde eg vore ein rein trader hadde eg nok jubla for dette forslaget. Kvifor? Større tilgong til fisk til ein lågare pris. Og det kan ikkje vi som båteigarar berre stå og sjå på!

Hysa: eit nisjeprodukt

Av all fryst fisk vi landar i Norge blir torsk, hyse og sei trekt ut til auksjonsplikt. Kvifor? Eg forstår at torsk og sei, som er dei viktigaste artane som råstoff i fiskeindustrien i Norge, kan bli trekt fram. Men hysa? Då kan ein likeså godt krevje at all fisk skal på auksjon. Kva med lange? Og brosme? Dette er fisk som går til produsentar i Norge, og som dermed har ein meir begrunna plass i den opne marknaden.
Vårt salsselskap har fleire års erfaring med kjøp og sal av linehyse til USA og England. Trålhysa går til Kina. For det er nettopp dit hysa går, til utlandet. Å skulle forlange at halvparten av all landa hyse per tur skal gå på auksjon vil øydelegge marknaden, som vi og andre aktørar har bygd opp saman over fleire år. Ein kombinasjon av auksjon og kontrakt er heilt avgjerande for å klare og halde oppe pris til båt og bygge vidare på dei relasjonane som er bygd opp mellom salsselskap og kundar ute i verda. Linehyse er nettopp eit nisje-produkt. Den blir produsert spesifikt til eit svært begrensa antal kundar i utlandet. Den høyrer til på same hylle som dei ombordfryste foredla produkta som blir trekt ut av auksjonsplikta.
Salslaga står til disposisjon for ytterlegare informasjon, avsluttast det med. Ja takk! Det treng vi. Ikkje berre informasjon. Men dokumentasjon! Argumentasjonen bør balanserast, og dokumenterast, slik at beslutningsgrunnlaget er betre for oss alle. Vi har prata med fleire i fiskerinæringa som anten er kritiske til eller usikre på forslaga. Dette grip direkte inn i livsgrunnlaget til fiskerinæringa. Det er derfor viktig at vi tek oss god tid og utvidar alternativa slik at vi best kan kome til ei einigheit som vil gagne heile næringa. Spørsmåla er alt for mange til at vi på båtsida kan og bør gå god for forslaga som er framsett no.

Publisert: 10.01.2020 10:50

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42