Ekstraordinaer generalforsamling i Fjord1
BERØMMER: – Eg og Venstre vil berømme Per Sævik (innfelt) for å ta bladet frå munnen og slå alarm om dagens regjering sin katastrofale skattepolitikk for norsk næringsliv, skriv Alfred Bjørlo.
Synspunkt

Forundra og sjokkert etter Fjord1-sal

Alfred Bjørlo (V) berømmer Sævik-familien for å ta bladet frå munnen og slå alarm om dagens regjering.

01.11.2023

Eg trur nesten ikkje mine eigne auge når eg ser den passive haldninga Senterpartiet og Arbeiderpartiet har til det «raset» vi no ser av sal av norske bedrifter til utlandet, spesielt langs kysten.

Sjå til dømes Senterpartiet i Firdaposten Nesten 3000 av dei lokale arbeidsplassane våre er no på utanlandske hender: – Treng ikkje vere negativt og Arbeiderpartiet i NRK Formuesskatt var avgjerande for Fjord1-salet.

Venstre meiner omfanget av den tappinga av norsk og lokalt eigarskap som no skjer, er ei potensiell krise for Vestlandet og kyst-Noreg. Og det er langt på veg ei «politikarskapt krise», fordi dagens Ap/Sp-regjering fører ein politikk for å straffe norsk privat eigarskap av norske bedrifter, mellom anna gjennom sterk auke i formueskatten på aktivt eigarskap.

Det er særleg oppsiktsvekkande at Sp, eit parti som vanlegvis snakkar i store ord om «Nei til salg av Norge» og «Det Norge vi er så glad i», overhodet ikkje ser problem med at denne regjeringa har skapt tidenes «flukt» av norsk eigarskap i norske bedrifter – eller at Noreg no er eitt av få land i Europa som straffar i skattesystemet bedrifter som har norske eigarar framfor bedrifter som har utanlandske eigarar.

Norsk næringsliv treng eit variert eigarskap – herunder både statleg eigarskap og utanlandsk eigarskap. Men den raske og ukontrollerte nedbygginga av privat norsk eigarskap som vi no ser, ikkje minst i maritim næring der Noreg i dag har særskilt sterke norske kompetansemiljø vi kan bygge vidare på, er uakseptabel. Det er stor fare for at dette på sikt vil føre til at investeringar, kompetansemiljø og arbeidsplassar blir flytta vekk frå Noreg.

Eg og Venstre vil berømme Per Sævik for å ta bladet frå munnen og slå alarm om dagens regjering sin katastrofale skattepolitikk for norsk næringsliv. Venstre meiner formueskatten på arbeidande kapital må reduserast betydeleg allereie på statsbudsjettet frå 2024 – og Ap/Sp-regjeringa må slutte å la seg styre av LO og SV sin stadig hardare retorikk mot norske eigarar og norsk privat næringsliv.

Andre land i Europa har for lengst fått augene opp for betydinga av å legge til rette for godt lokalt og nasjonalt eigarskap, og faren som ligg i til dømes strategiske oppkjøp frå ikkje-venlegsinna land som Kina. Her er dagens norske regjering heilt bakpå resten av Europa. Det er alvorleg, og eit tema Venstre meiner må løftast mykje høgare på den politiske dagsordenen.

Venstres strakstiltak nr 1 er å kutte særnorske skattar på norsk eigarskap: Det vil vi gjere allereie i Venstres alternative statsbudsjett for 2024.

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V)

Publisert: 01.11.2023 11:38

Sist oppdatert: 11.11.2023 08:14

Mer om