Vegard Sævik foto ogne 11
SEL FJORD1: Vegard Sævik er styreleiar i Fjord1, som Havila Holding og deira amerikanske partnar er blitt samde om å selje. det formelle eigarskifte skjer truleg kring årsskiftet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

– Må ta konsekvensane av skattepolitikken

Ingen nye investeringsplanar i Havila sjølv om dei får ein sekk med pengar for Fjord1-salet.

Marius Rosbach
01.11.2023

Tysdag blei det kjent at eit lenge varsla sal av Fjord1 vart ein realitet.

Sævik-familien sitt Havila Holding og amerikanske Vision Ridge Partner sel landets siste store ferjeselskap på norske hender med om lag 80 ferjer, pluss nokre passasjerbåtar og innleigde snøggbåtar.

I Intervjuar utover dagen var både styreleiar Vegard Sævik og faren Per Sævik, tydelege på at rekninga til formuesskatten hadde vore avgjerande for utfallet.

– Skal betale litt gjeld i morselskapet
Salssummen er ikkje opplyst, og då NETT NO snakkar med styreleiaren på slutten av ein lang dag med telefonar og intervjuar, er det lite jubel å spore over milliardane dei får inn.

«Vemod» var karakteristikken som blei nytta i pressemeldinga sendt ut for å informere om salet.

– Det er ingen planar om nye investeringar med det første, men vi skal betale litt gjeld i morselskapet, seier Vegard Sævik på spørsmål om kva moglegheiter dei ser med kapitalen.

– Vi må tenke annleis om investeringar framover, meir finansielt og mindre industrielt, forklarar han.

Det betyr mindre investeringar til lokale arbeidsplassar med mål om vekst, og meir merksemd kring løpande utbytte og avkastning korrigert for eigarskatt, ifølgje Sævik.

– Det synest eg er trist, legg han til.

Vil ikkje bli ein del av flyttestraumen
Herøy-familien har samtidig påpeika at dei ønsker å helde fram med forretningane i Norge, og ikkje bli ein del av flyttestraumen til Sveits og andre land.

Sævik nyttar ikkje storslegga når han får spørsmål om kva han synest om utviklinga.

– Eigarskattar er eit politisk spørsmål og eit fleirtal i Stortinget vil ha det slik. Vi må ta konsekvensane av skattepolitikken som den er i dag.

Han påpeiker at det ikkje er noko dramatikk i salet for Fjord1 sin del - og at selskapet tvert i mot vil vere betre rusta med nye eigarar.

Drifta held fram som før, og Fjord1-sjef Dagfinn Neteland var optimistisk kring komande investeringar for reiarlaget då NETT NO snakka med han tysdag.

Ferje fjord1 hareid sulesund
STOR ARBEIDSPLASS: Tysdag blei dei 1.100 tilsette i Fjord1 orientert om eigarskifte. Drifta i selskapet held fram som før. Arkivfoto: Marius Rosbach

Dobla skatterekning siste to åra
Formuesskatten har blitt ei heit politisk potet og Sævik meiner delar av debatten blir prega av mykje «tabloidisering». At det er uro kring eigarskattane er det likevel liten tvil om.

NETT NO har dei siste åra fortald om ei rekke bedriftseigarar som fortel at dei må ta langt større utbytte enn tidlegare for å dekke skatterekninga.

Ei undersøking Rekneskap Norge la fram i august, viste at skatterekninga for norske bedriftseigarar har auka kraftig dei siste to åra – og dobla seg sidan førre regjeringsskifte.

Per Sævik anløp Havila Pollux Foto Marius Rosbach 111
KYSTRUTESATSING: Per Sævik (t.v.) då Havila Kysruten sitt fjerde skip la til kai på Mjølstadneset første gong seint i sommar. Arkivfoto: Marius Rosbach

Omfattande verksemd
Havila Holding er eigd av Per Sævik og barna, og driv alt frå offshorereiarlaget Havila Shipping, Havila Kystruten og til no – Fjord1.

Dei har også betydeleg verksemd innan reiseliv, eigedom og maritim industri og teknologi – og eig halvparten av Volstad Maritime Holding.

Dei siste åra har satsinga på reiseliv blitt større og Havila Hotels består i dag av Hotell Ivar Aasen, Raftevold Hotel og Geiranger Hotelldrift.

Både kystruta og offshorereiarlaget har hatt sine økonomiske utfordringar dei siste åra. Seinast måndag melde Havila Shipping at långivarane tvang dei til å selje tre av skipa.

Uroa for langsiktige konsekvensar
Sævik påpeiker at motivasjonen framleis er å skape og utvikle verksemder.

Han legg likevel ikkje skjul på at han er uroa for dei langsiktige konsekvensane av ein skattepolitikk han meiner svekker norsk eigarskap.

– Det er og ein risiko for at ei meir finansiell tilnærming kan gjere at yngre generasjonar ikkje får same tilknytinga til verksemdene. Dei kan ha lettare for å flytte ut i neste omgang, påpeiker han.

Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.

Publisert: 01.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 01.11.2023 00:44

Mer om