Sylvi Listhaug NHH symposiet 2025 foto Ogne
MARKERINGSSAK: Frp-leiar Sylvi Listhaug markerer partiet som ei alternativ stemme i klimapolitikken. Foto: Ogne Øyehaug
Synspunkt

Hovudlaus klimapolitikk gjer Noreg fattigare

Det er umogleg å nå Arbeidarpartiets urealistiske klimamål utan å svekkje konkurransekrafta til norsk næringsliv betydeleg, skriv Frp-leiar Sylvi Listhaug.

07.03.2026

Dei siste åra har stadig fleire europeiske industribedrifter redusert aktiviteten eller flytta produksjon ut av kontinentet. Samstundes har den økonomiske veksten i fleire av dei største europeiske økonomiane avtatt. 

I USA og delar av Asia ser vi det motsette: Enorme investeringar i framtidsteknologi som kunstig intelligens, avansert industri, og energiproduksjon. Europa heng i aukande grad etter i denne konkurransen.

Den eventyrlege veksten i Kina er ei historie for seg sjølv, og India ser ut til å følgje dei same fotspora. Europa, derimot, fell stadig lenger bak.

Medan den globale konkurransen er beinhard, med enorme investeringar innan kunstig intelligens, energiproduksjon og annan industri, står Europa og Noreg på staden kvil, fastbundne til ein hovudlaus klimapolitikk.

Eit tydeleg bilete på den alvorlege situasjonen er Tyskland. Landet som ein gong stod som sjølve symbolet på europeisk ingeniørkunst og innovasjon, har dei seiste åra opplevd ei djup økonomisk krise. Etter fall i verdiskapinga i både 2023 og 2024, var veksten i fjor fattige 0,2 prosent. Vi ser industridød, arbeidsplassar som blir flytta ut av landet, og ein industri som ikkje lenger klarer å vere konkurransedyktig.

Ein verkelegheitsfjern klimapolitikk som kombinerer enorme avgifter, subsidiar til ulønsamt næringsliv, og stadig fleire reguleringar har ført til høge energiprisar, dårlege rammevilkår og ei konkurransekraft som blir stadig svakare.

Dette mønsteret ser vi i heile Europa, som blir fattigare og meir sårbare.

Ein skulle tru at kvart land som ser denne utviklinga, ville gjort alt for å unngå den same fella.

Dessverre gjer ikkje Arbeidarparti-regjeringa det. Tvert imot verkar det som om Arbeidarpartiet er inspirert. I Noreg blir nemleg den feilslåtte klimapolitikken kopiert, og i mange tilfelle går Noreg endå lenger. Regjeringa lanserer det eine ambisiøse klimamålet etter det andre, utan å tenkje på kostnader eller andre konsekvensar.

Det er umogleg å nå Arbeidarpartiets urealistiske klimamål utan å svekkje konkurransekrafta til norsk næringsliv betydeleg. Når dei fleste land utanfor Europa ikkje har særleg med klimapolitikk, fører våre avgifter til at utslepp blir flytta, ikkje kutta. Dermed flyttar også arbeidsplassar og verdiskaping frå Noreg, og land utanfor Europa vinn marknadsdelar, medan vi betaler rekninga.

Klimapolitikken til Arbeidarpartiet inneber også å auke skattar og avgifter på det lønsame næringslivet, for deretter å pumpe desse milliardane inn i grøne industrieventyr som går konkurs. Lista over feilslåtte symbolprosjekt er allereie lang, anten det er batterifabrikkar, hydrogenproduksjon eller biodrivstoff.

Berre tenk om desse pengane hadde blitt brukte på å gjere livet lettare for næringslivet. Tenk om vi hadde redusert skattane, avgiftene og byråkratiet for dei same milliardane. Resultatet ville vore eit næringsliv som blømer, gründerspirer som veks, og sterkare konkurransekraft.

Det er på tide at Noreg fører ein næringslivspolitikk tufta på vekst og tilrettelegging, ikkje symbolsk klimapolitikk og auka skattar.

Dessverre ser ikkje Arbeidarpartiet ut til å lære. Så seint som denne veka måtte Fremskrittspartiet gå i spissen for å stoppe endå eit avgiftssjokk for næringslivet. Denne gongen med ei ny CO2-avgift retta mot industribedrifter, som mellom anna driv med elektrolyse og metallurgi. Om denne avgifta hadde blitt innført ville det betydd slutten for fleire bedrifter i både Sandnes og Raufoss. 

Fremskrittspartiet tok kampen. Denne gongen vann vi, men dessverre klarer vi ikkje å stoppe alle dei næringslivsfiendtlege forslaga frå Arbeidarpartiet og resten av venstresida.

Regjeringa verkar fast bestemt på å gjere norsk industri svakare og mindre attraktiv for investeringar, ikkje minst gjennom å gjere energi dyrare.

Fremskrittspartiet vil halde fram med å stå opp for norsk industri. Vi vil redusere skattar og avgifter, der Arbeidarpartiet aukar dei. Vi skal sørgje for at Noreg har ein realistisk klimapolitikk som ikkje kveler vekst og arbeidsplassar for å pynte på klimarekneskapen.

Vi har ikkje råd til å halde fram med ein hovudlaus klimapolitikk som gjer Noreg fattigare, svekkjer industrien, og set arbeidsplassar i fare.

Publisert: 07.03.2026 05:00

Sist oppdatert: 06.03.2026 23:55

Mer om