I dag boer vi ha kapasitet til aa spare
Synspunkt

I dag bør vi ha kapasitet til å spare

Det er berre Danmark som ligg over oss i gjeld i høve til disponibel inntekt, og norske hushaldningar er dessverre på god veg mot førsteplassen, skriv avdelingsbanksjef Ole-Magnus Orlien i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

26.02.2019
Ei lang periode med synkande rentenivå har hatt si bakside. Rentenivået i Noreg botna truleg ut hausten 2017 og Noregs Bank signaliserer for dei komande åra at rentenivået forsiktig skal trekke oppover.
Dette er ikkje berre eit norsk fenomen. Dei fleste land har no vore gjennom ei periode med låge renter og allereie satt opp rentenivået, eller har planar om det. Til dømes har USA auka styringsrenta ni gongar dei siste åra og Sverige, som fortsatt har negativ styringsrente, har også auka rentenivået.
Det låge rentenivået i Noreg har særleg stimulert bustadprisar, forbruk og gjeldsutvikling. På verdsbasis har hushaldningane i Noreg innteke 2.plassen i gjeld i forhold til disponibel inntekt. Det er berre Danmark som ligg over oss og norske hushaldningar er dessverre på god veg mot 1.plassen.
Veksten i gjeldsnivået til dei norske hushaldningane har lenge vore høgare enn inntektsveksten. Noregs Bank kallar dette oppbygging av finansiell ustabilitet. I sin siste pengepolitiske rapport i desember 2018 nemner Noregs Bank ei bekymring for gjeldsnivået i norske hushaldningar heile femten gongar.
Om ein ser på denne utviklinga opp mot auken i forbruksgjeld er det all grunn til bekymring. Denne type gjeld har eksplodert dei seinare åra der blant anna kredittkort blir aggressivt marknadsført av fleire aktørar. Statistikkar frå Finanstilsynet og Noregs Bank viser at nordmenn i dag har om lag 117 milliardar i forbruksgjeld. Denne gjelda utgjer 3 prosent av den samla gjelda til norske hushaldningar, og heile 14 prosent av gjeldsbelastninga om ein inkluderer rentenivået ein betalar.
Vanleg praksis blant bankar i dag ved kredittvurdering er å ta høgde for at ein toler ein renteoppgang på 5 prosent utover dagens rentenivå. SpareBank 1 fekk for ei tid tilbake Respons Analyse til å gjennomføre ei undersøking i marknaden om kor stor renteauke ein kan tole på lån før dette blir problematisk. Faretruande mange svarte at 1 prosent renteauke på lånet vil gi økonomiske problem. Ei bekymring vi som bank ser i dag er at denne teoretiske rentebufferen ofte går vekk i auka forbruk.
Forventningane til lønnsvekst i Noreg dei komande åra er gode. Det mykje omtalte gjeldsregisteret som er rett rundt hjørnet er ei gladsak. Saman med bustadlånforskrifta og forbrukslånforskrifta er dette med på å dempe gjeldsveksten, noko som truleg er sunt. Likevel.
Med dette bakteppet bør ei hushaldning med gjeld ha kapasitet til å spare. Om sparinga skal vere til eit høgare rentenivå, pensjon, buffer, nedbetaling av kredittkortgjeld eller andre formål varierer og det finst truleg ikkje ein fasit som passar alle. Eg vil oppmode alle til å ta kontakt med ein bankrådgjevar og få innspel til ein spareplan. Eg trur dette er eit godt råd, i dag og for framtida.

Publisert: 26.02.2019 09:16

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42