Innfoering av CO2 avgift vil kunne spenne bein under den berekraftige eigarskapen i norsk fiskerinaering
Synspunkt

Innføring av CO2-avgift vil kunne spenne bein under den berekraftige eigarskapen i norsk fiskerinæring

Etter at St. meld. 13 Klimaplanen vart lagt fram, har det vore mange frustrerte næringsaktørar langs kysten og dei fleste har vanskeleg for å tru at det kan innførast ei avgift som vil rasere store delar av norsk fiskerinæring, skriv Bernt Brandal, ordførar i Hareid kommune.

30.01.2021
Det har budd folk langs norskekysten i snart 12000 år. Når Noregs befolkning aukar i byane på Austlandet, er det lett å gløyme at det er langs norskekysten at dei store verdiane vert skapte. Det er langs kysten vi har naturgjevne føresetnadar for å skape verdiar for samfunnet no og i framtida.
Dei naturgjevne føresetnadane var i hovudsak fiskeri og sjøfart kombinert med jordbruk. På grunnlag av dette har vi i tillegg etter kvart fått havbruk og maritim industri i verdsklasse. Kysten bidreg til mesteparten av eksportverdiane, og eksporten av fisk og fiskeprodukt utgjorde i 2020 nærare 106 milliardar kroner eller meir enn 13% av all norsk eksport. Berre eksporten av norsk villfanga fisk var i 2020 på nær 32 milliardar kroner.
Reknar vi eksport pr. sysselsett, toppar Møre og Romsdal statistikken med Sogn og Fjordane på 2. og Nordland på 3. plass. Oslo toppar eksportstatistikken i kroner, men dette er i all hovudsak knytt til tenesteproduksjon.
Tolkar ein statistikkane for BNP utan medvit, kan ein fort tru at det er Oslo som skaper mest verdiar, men korrigerer ein tala for verkeleg verdiskaping og trekkjer i frå kostnadane til offentleg forvaltning blir reknestykket eit heilt anna. Offentleg sektor sine totale utgifter i 2019 var om lag 1800 milliardar kroner. Det utgjer no nærare 60% av fastlands-BNP og er aukande. Dersom vi definerer verdiskaping som overskot før finans og avskriving får vi eit heilt anna bilete.
Det er med andre ord eit faktum at norskekysten er vesentleg for reell verdiskaping og dermed vesentleg for velstanden i Noreg.

Struktur

Folket, som har budd og drive næring på kysten har gjennom fleire tusen år, har bevist at vi er tilpassingsdyktige og klorer oss fast samstundes som vi bidreg til landets økonomi. Deltakarlova set klare føringar på at hovudeigar av norske fiskebåtar skal vere aktiv fiskar. Dette har vore vesentleg for utviklinga fram mot den vellukka flåte- og fiskarsamansetninga vi har i dag og for den store betydinga næringa har for busetting og næringsaktivitet.
Det betyr likevel at for større båtar har vi både eigarar som er aktive, og eigarar som i varierande grad er passive investorar. Dramatisk svekka lønsemd vil truleg føre til eit auka press frå dei passive investorane om sal og/eller konsolidering/strukturering. Innføring av ein betydeleg ekstraskatt for fiskerinæringa vil dermed kunne true den aktive og berekraftige eigarskapen.
På grunnlag av dei siste ringverknadsanalysane skaper dei vel 11.000 norske fiskarane 80.000 arbeidsplassar og er framleis vesentleg, og avgjerande, for busettinga og verdiskapinga langs norskekysten. Verdiskapinga i fiskerinæringa er heile kr 1,7 mill. pr. sysselsett, noko som er 63% høgare enn gjennomsnittet for næringslivet i Fastlands-Noreg. Villfanga fisk er vidare ein av dei mest miljøvennlege og berekraftige kjeldene til protein. Fiskerinæringa er dermed vesentleg i verdas matproduksjon.
Norsk fiske er dynamisk og samansett av svært mange komponentar frå mindre kystfartøy til store havfiskefartøy og i heile dette spekteret finn vi ulike typar fiskeri med alt i frå marginal lønsemd til svært god lønsemd. Uavhengig av det representerer kvar og ein av dei ein viktig komponent i sysselsetting og verdiskaping.

Ekstraskatt

Med den svært viktige betydinga fiskerinæringa har for norskekysten, må ein kunne forvente at politikarar i heile landet og på alle nivå har ein viss basiskunnskap og forståing av kva som vil verte resultatet dersom ein skattlegg næringa slik at den forvitrar.
Etter at St. meld. 13 Klimaplanen vart lagt fram, har det vore mange frustrerte næringsaktørar langs kysten og dei fleste har vanskeleg for å tru at det kan innførast ei avgift som vil rasere store delar av norsk fiskerinæring.
Attendemeldinga frå sentrale styresmakter er at denne nye skatten på norsk fiskeri kjem, men at ein vil kompensere auken i CO2-avgift for fiskeflåten med lette i andre skattar og avgifter. Det vert interessant å sjå korleis dette skal gjerast.
For mange typar fiskeri er drivstoff ein del av fellesutgiftene, og det må då gjevast ei betydeleg skattelette til den enkelte fiskaren – arbeidstakaren på båtane. Vidare er det mange reiarlag som i dag ikkje er i skatteposisjon og heilt sikkert ikkje vil vere det med ein auke i avgifta på drivstoff. For desse hjelper ein skattelette lite.
Sjølv dagens avgiftssystem gjer det lønsamt for enkelte flåtegrupper å levere fangsten i Noreg for så å gå til utlandet for å bunkre. Med avgiftsauken som er varsla vil det for fleire utøvarar faktisk løne seg å lande fangsten i utanlandsk hamn for så å frakte den til Noreg med bil og ferje. Kva slag miljøeffekt har det?

Teknologi

Det vert vist til at det stadig dukkar opp nye Enova-støtta hybridløysingar for fiskeflåten. Dette er positivt som ei lekkje i ei teknologiutvikling, men har ingen effekt på utslepp av CO2. Ein kompleks statsstøtta installasjon med tunge batteripakkar på ein fiskebåt gir elektrisk drift i nokre 10-tals minutt. Dette har ikkje noko som helst med berekraft eller utsleppsreduksjon å gjere.
Realiteten er at det i dag ikkje eksisterer teknologi som inneber at fossilt drivstoff kan erstattast for havfiskeflåten. Innføring av CO2-avgifta er tenkt å skulle tvinge fram ein overgang til alternativ teknologi. Problemet er at denne teknologien ikkje eksisterer, og at hybridløysingane ikkje bidreg til utsleppsreduksjon for fiskeflåten.
Den einaste kjende løysinga for å redusere CO2 frå fiskeflåten er faktisk å bruke mindre drivstoff. Her er driftsmønster, motorteknologi og skrogutforming nøkkelen.
Ser ein på skrogutforming, er lengdegrensene det første som må opphevast. Dagens reguleringsmodell med lengdegrenser for kystflåten fører til at det vert bygde skrog med elendig drivstofføkonomi som resultat. Eit enkelt grep med endring frå «maks lengde» til «maks lasteromsvolum» vil medføre at det vert bygd båtar med betre framdriftsøkonomi og sikrare arbeidsplassar som bonus.
Faktum er at teknologien for redusert CO2-utslepp må utviklast og at dagens hybridteknologi ikkje bidreg til noko som helst for fiskeflåten. Ei tvangsomstilling gjennom dramatisk avgiftsauke vil dermed berre føre til svekka lønsemd og utfasing av fleire fiskeri.
Løysinga er å spele på lag med fiskernæringa for å i samarbeid utvikle ny teknologi og endra driftsmønster.

Næringsdriven teknologiutvikling

Næringa er sjølv den mest innovative og eit konkret eksempel er ombygging og motorskifte i ein 54 meter lang kytstnot-båt. Ombygging med ny baug og ny motor med Urea førte til at eit årleg NOx-utslepp før ombygging på 66.583 kg, vart redusert til 4.994 kg etter ombygging – ein reduksjon på 92%.
Investeringa fekk 37 % støtte frå NOx-fondet. I tillegg er det installert ein turtalsuavhengig hydraulisk driven generator (Gen Tech). Denne produserer konstant elektrisk straum i eit breitt turtalsspekter – i motsetning til ein akselgenerator som krev konstant turtall på hovudmaskinen og dermed mindre rom for å spare drivstoff ved å redusere turtalet.
Dette prosjektet viser at næringa sjølv er innovasjonsdrivar. Tek ein vekk lønnsemda vil den næringsdrivne utviklinga verte redusert eller forsvinne. Det er det ingen som er tente med.

Effektar av einsidig norsk avgiftsauke:


1. Marginale fiskeri blir ulønsame
* Mister internasjonalt opparbeidde rettar* Lågare sysselsetting
2. I store deler av flåten er bunkersutgifter fordelingsgrunnlag for lotten
* Arbeidstakarane vil kome til å betale prisen for avgiftsauken* Flåten vil automatisk bli strukturert
3. Flåten vil bli organisert i større og færre båtar for å kunne skape lønsemd
* Ringverknadseffekten vil bli påverka
4. 1 fiskar ut av næringa vil føre til at 7,14 andre arbeidsplassar forsvinn
* Fiskeriaktiviteten blir retta mot der det er lettast å fange fisken
5. Fiske på mindre og kystnær fisk – mindre berekraftig hausting.
*Større sesongtoppar
6. Problem for landindustrien
7. Lågare pris
* Lossing og bunkring i utanlandsk hamn
8. Mindre råstoff til fiskeindustrien
* Færre sysselsette
9. Utarming av kystsamfunna
* Dårlegare lønsemd
10.Mindre innovasjon og utvikling i regi av reiarlaga.
* Økonomien i delar av flåten vert så dårleg at bankane vil vegre seg for å vere med på finansiering.

Innspel til Klimameldinga, for fiskeri:


1. Vidareføring av kompensasjonsordninga slik den var før 01.01.2020.
2. Full kontinuerlig kompensasjon.
3. Næringa kan kanskje akseptere at ein mindre del ikkje vert direkte kompensert, men innbetalt til eit CO2-fond.
4. CO2-fondet kan organiserast på same måte som NOx-fondet der utviklingsprosjekt kan søke støtte
5. Oppheve lengdegrensa og gå over til lasteromsgrense.

Les fleire artiklar og innlegg om same tema:










Publisert: 30.01.2021 06:04

Sist oppdatert: 02.03.2021 06:43