Ingar bøen politimeister politimester foto politiet 11
Synspunkt

Kva har politireform og satsinga på politiet gitt oss?

Politiet i Møre og Romsdal har aldri vore betre og betre rusta til å gje gode polititenester enn i dag, skriv politimeister Ingar Bøen i dette innlegget.

12.02.2021

Politiet har vore gjennom ei stor utvikling dei siste åra. Ingen andre land i Vest-Europa har satsa like mykje på politiet som det Noreg har gjort. For Møre og Romsdal har budsjettet auka frå 440 millionar kroner til 610 millionar kroner. Vi har fått nye og betre arbeidsverkty, nye og betre måtar å arbeide på og vi har fått ei organisering som er meir tilpassa samfunnsutviklinga dei siste 100 åra.

Bemanningsauke
Møre og Romsdal er det fylket i landet som har lågast kriminalitetsrate. Det har sjølvsagt innverknad på kor stor bemanning vi har. Dei siste fem åra har vi fått over 100 fleire tilsette i vårt politidistrikt og er dermed over 600 tilsette.

Bemanningsauken har blitt brukt til å byggje opp ein robust operasjonssentral, som er i stand til å handtere og å leie fleire samtidige hendingar og store hendingar. Vi har bygd opp nye fagavdelingar (etterforsking, etterretning, førebygging, forvaltning og utlending). Vi har også styrka påtalesida i politidistriktet monaleg. Dette er gjort utan å svekke beredskapen ute i distriktet. Denne oppbygginga har skjedd over heile politidistriktet.

Bilparken
Då politidistrikta blei slått saman i 2016 hadde vi ein bilpark som ikkje var politiet verdig. Gode køyrety er viktig i mange samanhengar. Det viktigaste er HMS for dei tilsette og god beredskap. I dag er bilparken vår på eit monaleg høgare nivå enn for få år sidan. Betre budsjett og eksepertise innan innkjøpstenester i PFT (Politiets fellesteneste) er årsaka til det.

Lensmannskontor / politihus
Då vi vart eitt politidistrikt i 2016 hadde vi mange upraktiske lokale. Budsjettsituasjonen har gjort at vi har utvida og / eller modernisert areala våre i Kristiansund, Elnesvågen og Ålesund. Nordre Sunnmøre lensmannskontor flytta inn i nye lokale for to verker sidan. I løpet av året flyttar vi inn i nye og tidsmessige lokale på Åndalsnes, i Sunndal og i Fosnavåg. Fleire kontor står for tur. Også på dette feltet er det budsjettauke og ekspertise innan eigedom, bygg og anlegg i PFT årsaka til at vi har fått dette til

Nye måtar å arbeide på
Førebygging er politiets hovudstrategi. Alle avdelingane i politidistriktet arbeider med eit kriminalitetsførebyggjande perspektiv. Vi har dessutan eiga fagavdeling for førebygging, som har distriktsansvar. I tillegg har dei geografiske einingane eigne tilsette som arbeider med førebygging både på Nordmøre, i Romsdal, på Nordre Sunnmøre og på Søre Sunnmøre. Sentralt i det førebyggande arbeidet er samarbeidet med kommunane gjennom politiråd og politikontakt.

Kunnskap er viktig i alt politiarbeid. Vi har fått heilt ny struktur på etterretningsarbeidet vårt. Vi har eiga fagavdeling for etterretning, som har distriktsansvar. I tillegg har dei geografiske einingane tilsette som arbeider med etterretning på Nordmøre, i Romsdal, på Nordre Sunnmøre og på Søre Sunnmøre.

Politiarbeid på staden
Felles straffesaksinntak bemanna med politiadvokat og etterforskar driv etterforskingsleiing 16 timar i døgnet. Resten av døgnet er vi dekt opp med beredskapsvakt.

Politiarbeid på staden er ei ny arbeidsform, der politipatruljen ved hjelp av nye tekniske hjelpemiddel er i stand til å gjennomføre meir etterforsking på staden. Det gir betre bevissikring og vil i mange tilfelle spare partar i straffesaker for seinare avhøyr på lensmannskontor / politistasjonar fordi avhøyra vert gjennomført og sikra på staden.

Gjennom politireforma har vi innført systematiske tilbakemeldingsmøte, der dei ulike avdelingane og ulike profesjonane saman evaluerer saker og hendingar for å trekkje ut læringspunkt.

Nytt med politireforma er også at vi har innført årleg obligatorisk opplæring for alle tilsette.

Kultur og leiing
Kultur og leiing har ein sentral plass i reformarbeidet. Politidirektoratet har laga eit utviklingsprogram for alle leiarane i etaten. Sentralt i dette programmet er rekruttering av kvinnelege leiarar. Om lag halvparten av dei som i dag vert uteksaminert frå politihøgskulen er kvinner. Dei må sjølvsagt (også) ha kvinnelege førebilete. Mellom anna av den grunn vert det i dag satsa sterkt på å rekruttere fleire kvinnelege leiarar.

Politiet skal vere ein trygg arbeidsplass for alle. Ulikt mange andre etatar og arbeidsplassar går vi ut og spør dei tilsette i medarbeidarundersøkingar. Formålet er at vi skal bli ei enda betre arbeidsplass. Også ulikt dei fleste andre går vi ut med resultata av desse undersøkingane.

Det same gjer vi når vi går ut og spør publikum om deira oppfatning av oss.

Beredskap
Trass i at mange seier det motsette har beredskapen i politidistriktet blitt monaleg betre. Vi kan kort nemne større og meir robust operasjonssentral, felles straffesaksinntak med tilgjengeleg etterforskingsleiing, politiets situasjonssenter i Politidirektoratet som overvakar heile politinoreg, auke i talet på operativ godkjende i politidistriktet, innføring av responstidsmåling, presisering av politiets handleplikt, utviklinga av PLIVO-prosedyren (pågåande livstrugande vald) i samarbeid med andre naudetatar, væpning (framskoten lagring, mellombels fast væpning, elektrosjokkvåpen, punktvæpning), ny teknologi og kommunikasjon, nasjonale kriseøvingar, samhandling og samarbeid med forsvaret, redningstenesta, nye politihelikopter og tilgang til politiets nye beredskapssenter.

Er alt såre vel?
Vi er over 600 tilsette i politidistriktet. Dei fleste av oss gjer feil kvar dag og kvar dag er det kanskje slik at det er noko å kritisere oss for. Vi er audmjuke og erkjenner det, men vi gjer stort sett så godt vi kan.

Det vil alltid vere slik at ikkje har nok ressursar. Difor vi må vi prioritere mellom konkurrerande oppdrag. Våre tilsette legg mykje prestisje i å gjere rette prioriteringar.

Geografien vår med øyar, fjordar og fjell og spreidd busetnad gjer at vi ikkje greier å vere over alt alltid. Beredskapsområda våre er likevel organisert slik at vi skal greie å dekke opp heile distriktet på ein god måte. Beredskapsområda våre i dag stort sett som før reforma

Mykje er bra i vårt politidistrikt og mykje kan nok bli betre. Det som er sikkert er at politiet i Møre og Romsdal aldri har vore betre og betre rusta til å gje gode polititenester enn i dag. Det skuldast i hovudsak motiverte og godt skulerte tilsette, politireforma og satsinga på politiet dei siste åra.

Publisert: 12.02.2021 09:36

Sist oppdatert: 23.02.2021 22:03

Annonsørinnhold