Kva no Moere og Romsdal
Synspunkt

Kva no, Møre og Romsdal?

Etter ti år med sterk vekst, er folketalsutviklinga i fylket i ferd med å stoppe opp. Med dagens veksttakt vil Møre og Romsdal nå 272.000 innbyggjarar i 2030, ikkje 290.000 som SSB har spådd, skriv rådgivar Trygve Grydeland. 

25.10.2017
Eit næringsliv i sterk vekst, saman med utvidinga av Schengen-avtalen og den påfølgande arbeidsinnvandringa, har gitt ein sterk vekst både i folketal og sysselsetting i Møre og Romsdal. Desse effektane er tilsynelatande svært svekka no. For å unngå stagnasjon i folketalsutviklinga, er vår viktigaste oppgåve no, å sørge for at næringslivet vårt veks og at attraktiviteten til kommunane våre er høgast mogleg.
Møre og Romsdal ser ut til å være «ferdig» med den sterkaste folketalsveksten i fylket si historie. Veksten skuldast mellom anna eit utvidinga av Schengen-avtalen i 2007, medan oljeprisen var høg og vi hadde svært høg etterspørsel etter arbeidskraft i fylket. Resultatet var ei rekordhøg innvandring. I perioden frå 2006 til 2017 var innvandringa høgare enn den samla folketalsveksten i fylket. Innanlandsflyttinga, folk som flyttar til eller frå Møre og Romsdal og andre stader i landet var negativ, og i dei tala inngår også innvandrarar som flyttar (vidare) til ein anna stad i landet.

Nedgang i sysselsettinga, lågare vekst

I 2014 svekka oljeprisen seg markant. Nedgangen i sysselsettinga kom umiddelbart. Midt oppi det heile skifta Statistisk sentralbyrå om på sysselsettingsstatistikken. Det gjer at vi ikkje kan direkte samanlikne tala frå før 2014, og dei to siste publiseringane, 2015 og 2016. Men det er kanskje ikkje noko problem, for utfordringane for næringslivet i fylket har vore tydelege. Frå 2015 til 2016 gikk sysselsettinga ned med om lag 850 sysselsette, tala kan ikkje ha vore mykje betre året før. Om vi ikkje kan talfeste nedgang nøyaktig, så ser vi framleis det store bildet.
Nedgangen har naturlegvis vore verst innan industrien og oljerelaterte næringar, medan vi ser litt vekst i industriverksemd som ikkje er knytt til oljeverksemd. Det same ser vi i fiskeri og havbruk, samt enkelte tenesteytande næringar. Nedgangen har vore sterkast i dei regionane som tidligare hadde den sterkaste veksten. Tidlegare snakka vi ofte om ein vekstakse langs kysten frå Kristiansund og ned til søre delar av Sunnmøre, medan det var nedgang og stagnasjon i indre og nordre delar av fylket. I realiteten har kanskje kontrastane mellom vekst- og nedgangskommunar blitt større enn skilnadene mellom kommunane skulle tilseie. Næringsstrukturen har gjennom arbeidsinnvandringa langt på veg vore premissgivande for folketalsutviklinga i fylket. Det har gjort at konjunkturane innan enkelte næringar har vore retningsgivande innanfor eit større spekter av samfunnsområde, ikkje berre stoda i næringslivet.

Demografi er skjebnen

Demografi er skjebnen, sei ein ofte, eller kanskje er det berre vi demografar som gjer det. Men likefullt, det vi ønsker å sette fokus på er korleis små endringar over tid, gir store konsekvensar for samfunnet. For delar av fylket har perioden etter 2007 vore ein eineståande vekstperiode, medan andre delar har sett ut som taparar i kampen om folketalsvekst.
Utan eit næringsliv som veks og etterspør arbeidskraft, er det vanskeleg å sjå for seg at Møre og Romsdal har den nødvendige vekstkrafta som skal til for å få ei folketalsutvikling på nivå med SSB si folketalsframskriving etter det såkalla hovudalternativet, med middels fruktbarheit, levealder, innanlandsflytting og innvandring. Framskrivinga til SSB tek ikkje høgde for konjunkturarar eller liknande, men estimerer ratar for dei ulike komponentane som ligg til grunn for folketalsutviklinga basert på kva som har skjedd historisk. Følgeleg vil den sterke veksten som fylket har opplevd, gi grunnlag for positive framskrivingar, medan utviklingstrekka vi ser no kanskje talar i mot det.
I følgje framskrivinga til SSB vil det i 2030 være om lag 290 000 innbyggarar i fylket, medan ei framskriving med ein konstant folketalsvekst på 0,4 prosent (vekstrate 2016-2017) vil folketalet være om lag 280 000. Hittil i 2017 (2. kvartal) er veksten på 0,15 prosent. Om det blir vekstraten for året, og den blir heldt konstant fram til 2030, vil folketalet bli om lag 272 000. I kva grad det vi opplever no er representativ for den tida vi går i møte, er eg usikker på. Såleis er dette berre ei tankeøving for å illustrere det skiftet vi no opplever innan demografien, og korleis dette kan påverke fylket framover.
Eg vil oppmode alle som er opptatt av samfunnsutviklinga i fylket om å lese Fylkesstatistikk 2017. Her vil de finne mykje talmateriale som kan ligge til grunn for slike tankeøvingar innan ei rekke samfunnsområde.

Publisert: 25.10.2017 18:16

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41