Stortinget Wikimedia Commons
FIRE ÅR: Det norske Stortinget blir vald for fire år i slengen. Foto: Wikimedia Commons
Synspunkt

Lykkelandet?

Vi skulle hatt oppløysingsrett slik som andre demokratiske land, som naboane våre Sverige og Danmark, skriv Geir A. Stenseth, fylkesordførarkandidat for Framstegspartiet.

13.06.2023

Om landet Noreg var ei bedrift, ville ho fått høgaste skår blant investorane i verda. Med dei største statlege fonda i verda på over 15 000 milliardar kroner. Inga utanlandsgjeld, enorme inntekter frå olje og gass, og dessutan eit overskot på statsbudsjettet i verdsklasse.

Realiteten er at tilliten til staten Noreg er på lågmål. Gründerar og investorar rømmer landet. Utanlandske investorar ser på Noreg som eit politisk ustabilt land. Det speglar ein historisk låg kronekurs. Inflasjonen er ute av kontroll, og alt staten bidreg med er skatteauking.

Innbyggjarane merkar presset av auka prisar på matvarer, straum og drivstoff. Lønnsoppgjeret forsvann etter ei kort stund, og renta stig og stig.

US dollar har dobla seg på 10 år. Euroen bikka over 12 kroner, og 100 danske kroner kostar no 160 norske kroner. Mange kan sjå langt etter ein utanlandsferie i år.

Korleis kan eit økonomisk velfungerande land ha stelt seg slik? Vi har ei regjering som lèt alt skura å gå utan å ta grep. Sit roleg i båten og håpar alt går over av seg sjølv. Akkurat som strutsen som stikk hovud ned i sanden.

Om ein kutter momsen på mat, kutter i drivstoffavgiftene og legg opp til at ingen skal betala meir enn 50 øre kWh for straumen vil det hjelpa stort for mange. Prisane har auka veldig, og folk mistar kjøpekrafta. I fjor vart den redusert med cirka 20.000 kroner for ein vanleg familie, og trass eit godt lønnsoppgjer blir prisstigninga stor også i år.

Vi skulle hatt oppløysingsrett slik som andre demokratiske land, som naboane våre Sverige og Danmark. Då kan regjeringa sjølv, om presset er sterkt nok, skriva ut nyval.

«Ein politisk leiar må heile tida sjå seg tilbake, for å sjå om folk framleis er der. Viss dei ikkje er der, er han ikkje lenger ein politisk leiar» Bernhard M. Baruck.

Publisert: 13.06.2023 12:45

Sist oppdatert: 13.06.2023 12:45