Marianne Synnes Emblemsvåg og Lena Landsverk Sande Foto Privat
Synspunkt

Meisterbrev like viktig som mastergrad

Med kompetanse skal landet byggast, og då må vi ha tilbod som får alle i aktivitet, skriv Lena Landsverk Sande & Marianne Synnes Emblemsvåg.

Koronatida har skapt ny usikkerheit i arbeidslivet, men i åra som kjem vil både kommunar og bedrifter trenge fleire tilsette. Sjølv om arbeidsmarknaden kjennest utrygg no, så veit vi at det snart blir nye tider, og optimismen og veksten snart kjem att. Og då treng vi hender og arbeidsvilje, og enda meir variert kompetanse for å bygge landet.

Vi veit at det er mangel på kvalifisert arbeidskraft innan nokre yrker, særleg i helse- og omsorgssektoren, grunnskulelærarar, IKT, samt fagarbeidarar til bygg og anlegg, så det må settast inn tiltak for å sikre dekking på viktige område.

Det er for mange som ikkje fullfører vidaregåande opplæring. Grunnane til fråfall er samansette, men elevar med svake grunnleggande ferdigheiter fell snarare frå. I tillegg er det eit dilemma at elevar frå distrikta må flytte heimanfrå i ung alder for å gå på skule, og for mange blir dette vanskeleg.

Både det faglege innhaldet og strukturen i yrkesfagutdanningane er endra frå 2020, slik at unge blir enda betre rusta for studiar og jobb. Nye læreplanar i alle fag skal gi elevane kompetanse i tråd med det norsk næringsliv treng, noko som vil auke sjansane for å få læreplass og jobb. Elevane skal no få spesialisering heilt frå start. Ein som skal jobbe med IKT skal få meir av IKT-faget, og mindre av andre ting. I tillegg vil fellesfaga bli meir yrkesretta. Det trur vi vil motivere elevar og redusere fråfall og omval.

Utan fullført vidaregåande opplæring kan det bli tøft å få stabil tilknyting til arbeidslivet. For å lykkast, må fagutdanningane i vidaregåande opplæring bli meir praksisnære og mindre teoretiske. Dette kan vi få til gjennom tettare koplingar til det lokale næringslivet. Slik får vi også høve til fleire læreplassar og fleire tilpassa utdanningsløp. Vegane fram til eit fagbrev og dyktige fagarbeidarar kan vere mange, og skulesystema må gje fleire muligheiter for å få til alternative vegar for fleire.

Eit samarbeid bidreg også til at framtida sine fagarbeidarar får større tilgang til - og opplæring på - oppdatert og moderne utstyr og teknologi allereie i utdanninga. Teknologisk og samfunnsmessig utvikling gjer at kompetanse må utviklast og fornyast. Vi har eit arbeidsliv med høg produktivitet og høgt lønsnivå, men også raske omstillingar der jobbar forsvinn og nye vert skapt. Alle må rekne med endringar i arbeidsoppgåver og krav om å tileigne seg ny kompetanse heile livet.

Vi skal skape eit mangfald av arbeidsplassar i små og store kommunar i Møre og Romsdal dei neste 30 åra. Det vert sagt at 60% av dagens ungdomsskuleelevar skal arbeide i eit yrke som enno ikkje eksisterer. For å bu oss på framtida må vi då legge til rette for ny kompetanse på alle nivå. Høgskulane og fagskulane våre er viktige for å nå dette målet. Utdanningstilbudet må drivast og utviklast i nært samarbeid med det lokale arbeidslivet. Dette gir høve til å skreddersy utdanningane til kompetansebehovet. Det gir dessutan attraktiv kompetanse og arbeidskraft som fylket vårt treng både no og framover – auka sjansar for mange, både i starten og i løpet eit yrkesliv. Difor blir både yrkesrettleiing på ungdomstrinnet og auka kunnskap om mulegheitene i fagskuleutdanninga i rådgjevingstenestene, karrieresenter og i NAV viktig.

For å skape den naudsynte veksten i Møre og Romsdal må vi lykkast med heilskapleg kompetansesatsing der både yrkesfaga, Fagskulen og samarbeidet med næringsliv og arbeidsliv vert styrka. Vi må satse på Fagbrev på jobb og vi må legge til desentralisert vidareutdanning. For oss som har bakgrunn som høvesvis rektor i grunnskulen og rektor i høgare utdanning, ser vi at for å skape den naudsynte veksten i Møre og Romsdal må vi lykkast med heilskapleg kompetansesatsing der både yrkesfaga, Fagskulen og samarbeidet med næringsliv og arbeidsliv vert styrka. Vi må satse på Fagbrev på jobb og vi må legge til desentralisert vidareutdanning. Heldigvis har vi både NHO og Regjeringa med oss på ei slik satsing.

Lena Landsverk Sande er ordførar i Vanylven og stortingskandidat for Venstre
Marianne Synnes Emblemsvåg er stortingsrepresentant for Høgre


Publisert: 04.03.2021 13:45

Sist oppdatert: 08.03.2021 17:15